- Nei, det blir inga offentleggjering av kva konklusjon vi eventuelt kjem fram til i kveld, seier Dalen til Vikebladet Vestposten.

Les også: Vil ikkje frede Eriksen

Måndag hadde styret i Hødd fleire møte, og også tysdag skal styret samlast for å finne ut av kva som må gjerast i forhold til situasjonen rundt klubben sin dårlege sesongstart.

- Vi hadde ein del møteverksemd i går, og skal ha det også i kveld. No er det snakk om det å berge plassen i divisjonen, og det er klart, når vi har vunne tre av 13 kampar i sesongen hittil, så må vi ta tak i dette. Det er viktig for Hødd å stå i divisjonen, seier Dalen og legg til:

- Uansett om det blir endringar eller om vi køyrer løpet vidare slik det er no, så skal vi kome fram til kva vi gjer gjennom ein god og ryddig prosess. Det vil truleg kome ein konklusjon i kveld, men det vi kjem fram til vil vi ikkje gå ut med før tidlegast onsdag, seier Dalen.