- Det var ein nok så jamn første omgang. Men det er klart, her møtte vi eit veldig godt Herd-lag, som var ekstremt effektive og scora fem mål på fem sjansar, seier trenar Sindre Eid til Vikebladet Vestposten.

For etter berre fem minutt var det tidlegare Hødd-spelar Audun Kåre Øvrelid som opna scoringsballet for Herd på Amfi Moa Stadion, då han sette inn 1-0 med ei godt plassert heading frå corner. 2-0 var det nok ein tidlegare Hødd-spelar, Preben Sætre, som stod for. Han kom åleine med keeper etter eit nydeleg framspel, og hadde ingen problem med å ordne nummer to for heimelaget. Ti minutt før pause var det Patrik Dønheim Hjelmset som ordna 3-0.

Stortap

Over i andre omgang fekk heimepublikummet endå meir å juble for. Etter 52 minutt dundra Sætre igjen ballen i mål, denne gongen med pannebrasken på eit godt innlegg frå kanten. 5-0 og det siste målet i dette oppgjeret stod Vegard Bruland for. Han blei i likskap med Preben Sætre i første omgang, spelt fram. Åleine med keeper gjorde Bruland ingen feil.

Etter dommaren hadde blese av kampen prata Hødd-spelar Isak Haanes på seg eit gult kort nummer to, og fekk med det raudt.

- I andre omgang er dei klart betre enn oss. Vi har hatt mange kampar i vår, både i tredje divisjon og på G19-nivå. Difor er det også naturleg at vi er slitne. Gutta er i ein fase no der dei får spelt gode og tøffe kampar, noko som vil gi dei gode referansar på kva dei bør bli betre på, seier trenar Sindre Eid, som legg til at Hødd også hadde sine sjansar i denne kampen, men blei for lite dyktige i avslutningsfasen.

Også andre kjenningar av Hødd-leiren spelte for Herd i dette oppgjeret, til dømes brørne Andreas og Christoffer Brune Rekdal.

Kampfakta

3. div.

Herd - Hødd 2 5-0 (3-0)

Amfi Moa Stadion

Dommar: Torgeir Halsen (Åram/Van.kam FK)

Mål: 1-0 Audun Kåre Øvrelid (5), 2-0 Preben Sætre (28), 3-0 Patrik Dønheim Hjelmset (35), 4-0 Sætre (52), 5-0 Vegard Bruland (56)

Gult kort: Isak Haanes (Hødd)

Raudt kort: Haanes (Hødd)

Slik stilte Hødd 2:

Ole-Monrad Alme - William Fjørtoft (Ringstad, 62), Johannes Sundgot, Daniel Eid, Martin Mork Breivik - Bendik Rise, Elias Martin Flø, Peter Saunes Hasund (D. Haanes, 65), Isak Haanes - Håkon Botn Brautaset (Bringsvor, 49), Sondre Beite

Benken:

Ståle Remøy Pettersen. Mattis Ringstad, Daniel Haanes, Karl Bringsvor