Med 1-5 i bagasjen etter møtet med Jerv på bortebane søndag som var, er det fleire i og rundt Hødd-miljøet som for alvor stiller spørsmål kring trenar Hans-Erik Eriksen.

Til Sunnmørsposten fortel styreleiar Bård Dalen at han ikkje kan frede trenaren. Den dårlege sesongstarten skal takast opp under eit styremøte tysdag kveld.

- Det er inga tvil om at vi kjem til å ha ein open prosess dei neste dagane der vi vil sjå på alt mogleg. At vi i ein slik prosess vil sjå på trenarapparatet er heilt naturleg, seier Dalen til Sunnmørsposten.

På spørsmål om Dalen kan frede Eriksen, svarar styreleiaren slik:

- Eg vil ikkje forskottere noko som helst. Vi har hamna i ein alvorleg situasjon, og kjem til å ha nokre møte dei neste dagane. Det er ingen tvil om at vi må gjere det vi kan for å berge plassen i 1. divisjon.

Spelarane har tiltru til trenaren

Allereie etter kampslutt søndag fekk Hødd-spelarane trenar-spørsmålet frå Vikebladet Vestposten, men kaptein Jesper Törnqvist sa då til lokalavisa at støtta til trenarapparatet er stor framleis.

- Spelargruppa har 100 prosent tiltru til trenarapparatet. Vi skal snu dette. Når vi ligg der nede er det ein kamp for livet, og då må vi tru på det vi gjer, seier ein støttande Törnqvist.