- Det blei til slutt ein mismatch mellom det eg tenkte om framtida og det klubben såg føre seg. Eg har gode relasjonar både til spelarane, leiinga i klubben, styret og fansen, og eg håpar eg ser dei igjen ved fleire høve i framtida, seier Eriksen til Vikebladet Vestposten.

Klokka 14 torsdag signerte partane, klubben og Eriksen, ein sluttavtale. Like etter sette Eriksen seg i bilen sin og køyrde heimover mot Ski. Trenaren er ikkje bitter på at det blei slik som det blei, men skulle gjerne bidrege til å snu situasjonen slik den er no for Hødd.

- Eg er lite nøgd med dei resultata Hødd har fått til no i sesongen, til liks med mange andre, og det tek eg ansvar for. Men, samstundes skulle eg gjerne vore med på oppturen, for den er eg overtydd om at ville ha kome, seier Eriksen og legg til:

- No er dette kapittelet ferdigskrive, no handlar det om å skrive nye. Sidan Hødd ikkje ønskte å ha med meg lenger, så lukkar vi den døra. No ser eg fram til nye utfordringar.

Spesielt siste møte

Eriksen fekk også sagt farvel til spelargruppa han har trena sidan han blei tilsett på tampen av fjoråret, og det blei eit spesielt møte.

- Heilt klart. Vi har jobba tett med kvarandre i eit halvt år. Men, så skal vi nok sjåast igjen ein gong i framtida. Eg møtte spelarane for siste gang som deira leiar, men det var også eit fint møte både for meg og dei, og ei fin avslutning, seier Eriksen.