Etter berre tre sigrar på tretten kampar blei trenarposisjonen gjenstand for diskusjon under fleire styremøte denne veka. Torsdag kom beskjeden frå Hødd om at Hans-Erik Eriksen ikkje får halde fram som trenar i dei to attståande kampane før sommarferien, og at assistent Steinar Lein tek over styringa inntil vidare.

- Hødd Fotball og Hans-Erik Eriksen er einige om å avslutte samarbeidet. Dette er gjeldande frå i dag. Manglande resultat og utvikling utover sesongen er hovudgrunnane til at vi no avsluttar samarbeidet med Hans-Erik, seier styreleiar Bård Dalen.

Steinar Lein vil som sagt leie treningane framover til nytt trenarteam er avklart.

- Hødd Fotball takkar Hans-Erik Eriksen for det arbeidet han har lagt ned i Hødd, seier Dalen vidare.