Hans-Erik Eriksen er ferdig som trenar i Hødd, noko som blei klart torsdag ettermiddag. Blåsarane-leiar Marco Dimmen meiner det var bra at ein no endeleg, etter fleire dagars møteverksemd, kom fram til ei avgjerd.

- Det er viktig for spelarane at dei ikkje går for lenge fram mot kamp utan å vite kva som skjer. Vi i Blåsarane er no mest av alt glade for at det frå styret si side har blitt gjort eit tiltak for å snu om på dette. Det har vore frustrerande å sjå laget ta så få poeng som dei har gjort, men samstundes har vi støtta Hans-Erik heile vegen medan han har vore trenar. No ser vi fram til kva for nye folk styret og klubben hentar inn, og korleis vi skal kome oss ut av den hengemyra vi no er i, seier Marco Dimmen og legg til:

- Men vi har trua på at dei snur dette.

Nytt trenarteam så raskt som råd

Konklusjonen styret i Hødd gjorde var at det måtte endringar til.

- Vi sette oss ei målsetting framføre sesongen, om at vi skulle klare å kome på i alle fall øvre halvdel av tabellen. No har vi 11 poeng etter 13 kampar, så det kan bli tøft å klare. Målsettinga no blir å berge plassen i Obos-ligaen, og vi må no bruke den delen av sesongen som står att for å bygge lag vidare, seier styreleiar Bård Dalen.

Hans-Erik Eriksen heldt i møte med styret fast på at han ikkje kom til å endre filosofien sin, noko som ikkje samsvara med det styret peika på.

- Vi hadde ikkje den same trua på filosofien som Hansi hadde. No er fokuset vårt å kome i gang med noko nytt så raskt som mogleg.

Dalen fortel at Hødd håpar å ha på plass eit nytt trenarteam så raskt som råd.

- Somme meiner nok vi var litt raske på avtrekkaren når vi ikkje lét Hansi få dei to siste kampane før ferien, men for at eit nytt trenarteam skal få best mogleg sjanse til å bli klare, må dei få god nok tid på seg. Får vi på plass nye no før ferien hadde det vore det mest optimale, seier Bård Dalen.