Dimnautøvarane starta i same heat på elitestevnet i Oslo. Andersen sprang inn til andreplass i heatet og årsbeste med tida 1,54.30, medan Gustavsen klokka inn på tida 1.56.85 som er ny personleg rekord og ei forbedring av den gamle med knappe sekundet.

- Det var deilig å endeleg sette ''pers'' igjen. Det var gode forhold og løpsopplegget var perfekt, dette lovar godt for resten av sesongen, sa ein nøgd Gustavsen etter løpet. Han legg til at målet er å greie kravet til senior-NM på 1.55.00. Målet gjeld først og fremst for heile sesongen, men det hadde vore kanon om eg greidde det før årets NM, seier han avslutningsvis.

Andersen er allereie kvalifisert for senior-NM som går av stabelen om fem veker.

Joakim Gustavsen slo til med ny pers under Norwegian Grand Prix fredag. Her er han etter UM-sølv på 800meter i 2015. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll/Arkiv.