Etter å ha sprunge 7.55 i motvind, tysdag under Dimnaleikane, var trenar Arve Hatløy klar på at dersom Ose hadde hatt medvind, ville han tatt aldersrekorden i Noreg. På Byrkjelo laurdag formiddag, fekk han ein ny sjanse på rekorden, men heller ikkje denne gongen spelte vinden på lag. Ein svak vind i mot gjorde at ungguten ikkje greidde å kome heilt ned mot rekorden, men han leverte likevel eit sterkt løp og ei god tid.

- I dag var ikkje heilt dagen. Sjølv om eg kjente meg bra, føler eg at eg både kan kome litt raskare ut av blokka og springe litt fortare, sa 14-åringen til Vikebladet Vestposten etter løpet.

På ein god dag med vinden i ryggen, er det ikkje tvil om at Jonas er i stand til å springe eit løp ned mot og til og med betre enn den noverande rekorden på 7.31. Kanskje tek han den allereie neste helg under VU-spelen i Sverige?