Det vart ein ganske innhaldsrik 4.-divisjonskamp laurdag middag då Hareid sitt A-lag tok turen til Skodje i siste runden før sommarpausen. Kampen enda med åtte mål, eit raudt kort til ein Hareid-spelar i tillegg til at to personar i Hareid sitt støtteapparat vart vist vekk frå benken.Kampen starta best mogleg for Hareid. Etter ti minutt på stadionuret var stillinga 0-2. Etter fem minutt la Ruben-Kenneth Brandal inn ein corner frå høgresida som Alexander Nevstad stanga inn i mål. Fem minutt seinare vann Ola Kalvø Vattøy ballen frå ein Skodje-spelar etter høgt press og spelte gjennom til Brandal som var sikker åleine mot keeper.Medan Hareid starta veldig bra, så var det Skodje som skapte mest den siste halvtimen i første omgang. Eirik Nesset Hjelvik som var banens beste i denne perioden var saman med kaptein Eivind Erstad ein stor trussel for Hareid og Hjelvik bestemte rett og slett alt som skjedde på bana frå si djupe sentrale midtbanerolle.

Likt til pauseEtter 15 minutt testa Eivind Erstad skotfoten frå skrått hald, men ballen gjekk til side for mål. Same mann var frampå ni minutt seinare då han lada kanona frå distanse, men Sigve Overå Hide redda fint. Etter 26 minutt kom reduseringa. Hareid fekk ikkje klarert eit innlegg og vart for passive då Håvard Rødal fekk avslutte frå kort hald. Berre tre minutt seinare utlikna Skodje ved Hjelvik. Sistnemnde tok ein kort corner-variant på høgresida og spelte vegg med Håkon Opsal før han la ballen i lengste krysset frå hjørnet av sekstenmeteren. Passivt forsvarsspel av Hareid, men absolutt eit veldig fint mål.Dei siste 10-15 minutta vart litt rolegare og stillinga til pausen var 2-2, noko som var greitt ut i frå kampen si utvikling og målsjansar.

Brandal sette ballen i kryssetEtter kvilen skjedde det meste i løpet av den første halvdelen av omgangen. Først skaut Casper Orvik over frå kort hald, etter at Erstad la inn frå høgresida etter 50 minutt. To minutt seinare gjekk i staden Hareid opp i leiinga igjen. Hareid fekk eit frispark frå 35-40 meter. Brandal fekk eit godt treff og la den i krysset sjølv om det var svakt keeperspel.Etter 60 minutt auka Hareid leiinga ved Thor-Ove Brekke. Vattøy spelte gjennom til Thor-Ove Brekke som lobba flott over keeperen. Berre eitt minutt seinare, lobba Brekke over keeperen etter pasning frå Rundar Stranden, men denne gangen frå 18-20 meter. 5-2, tre mål på åtte minutt med andre ord.

Ruben-Kenneth med hattrickBrandal kunne score sitt tredje mål for dagen, men skaut over frå 18 meter, etter pasning frå Stranden etter 67 minutt. Kampen såg ut til å ende med få kort, men dommar Richard Olsen var ikkje ferdig med å dele ut av kortstokken. Etter 70 minutt fekk Hiwa Alipoor sitt andre gule kort og blei dermed utvist. Det andre gule kortet fekk Alipoor for å ha stoppa ein høg ball som var på veg ut sidelinja med handa. Alipoor ville ikkje at ballen skulle fare for langt og stoppa den, men dommar Olsen viste ikkje skjønn. Nokre minutt seinare sendte dommar Olsen også trenar Vagn Scheide Mork og materialforvaltar Knut Helge Hovden vekk frå benken for gjentekne protestar.Etter utvisinga hadde Skodje ballen mest, men skapte nesten ingenting mot Hareid som låg tette og kompakte. Etter 90 minutt scora innbytar Ben Buntu frå skrått hald. 6-2-målet kom etter at Venthan Ketheeswaran spelte gjennom til førstnemnde.Kampen enda dermed med siffera 6-2 til Hareid. Hareid kom best i gang med kampen, men Skodje med Eirik Nesset Hjelvik i hovudrolla var best den siste halvtimen i første omgangen. Andre omgangen var Hareid generelt sett best og fortente mest. Dermed ein fortent siger til Hareid.

Kampfakta

4.-divisjon 2016 runde 11

Skodje – Hareid 2-6 (2-2)

Skodje kunstgras

Dommar: Richard Olsen, Ørsta IL.

Tilskodarar: Ca. 30

Gule kort: Breivik, Alipoor (Hareid). Erstad (Skodje).

Raudt kort: Alipoor (to gule).

Mål: 0-1 Alexander Nevstad (5), 0-2 Ruben-Kenneth Brandal (10), 1-2 Rødal (26), 2-2 Hjelvik (29), 2-3 Brandal (52), 2-4 Thor-Ove Brekke (60), 2-5 Thor-Ove Brekke (61), 2-6 Ben Buntu (90)

Hareid (4-3-3): Sigve Overå Hide - Venthan Ketheeswaran, Alexander Nevstad, Simon Holstad Grimstad, Hiwa Alipoor - Torgeir Skeide, Håvard Mork Breivik (Gustav Bjørlykke 83), Ruben-Kenneth Brandal (K) – Runar Stranden (Håvard Knudsen Bjåstad 87), Thor-Ove Brekke (Ben Buntu 85), Ola Kalvø Vattøy (Fredrik Andresen 77).*** Brandal

** Vattøy

* Brekke