– Først og fremst var det veldig trist. Det er ein person vi har jobba med nært dette halvåret. Men samstundes veit vi at klubben ønskte å gjere nokre grep, og dette blei eitt av dei. Det er synd at det enda slik, vi hadde trua på at vi skulle snu dette, men no har klubben i staden blitt einige om at ein går vidare utan Hansi, og det får vi spelarane også respektere, seier kaptein Jesper Törnqvist og legg til: – Då Hansi takka for seg framføre oss spelarane var det ikkje mange auge som var tørre, det var meir som ei gravferd. Men, vi er nøydde til å sjå positivt framover, og sjå lyset gjennom skylaget, seier Törnqvist.

– Må vinne kampar igjen

Hødd og trenar Hans-Erik Eriksen har blitt mykje kritisert for spelestilen, men mykje ball i beina, og lite å vise til i avslutningsfasen. Søndag ventar eit Åsane-lag på andre banehalvdel på Høddvoll som også er ute etter tre poeng.

– Vi må finne tilbake til ein måte å vinne kampar på. Vi skulle gjerne hatt resultat allereie på søndag, men det er ikkje så alt for mykje ekstra vi får gjort no fram mot søndag. Så vi får vere klar på at vi legg ned ein solid innsats når vi kjem til kampen, seier Törnqvist, som håpar flest mogleg møter fram på stadion for å støtte laget i kampen mot Åsane.

Vil bli endringar

Steinar Lein tek over styringa av laget dei siste kampane før ferien,

– Det blir ein viktig kamp. Det er alltid utfordrande når det skjer slikt som har skjedd no, at Hans-Erik ikkje er med i trenarapparatet lenger. Vi må gjere det vi er her for, å vinne fotballkampar. Det er fokuset no, seier Lein.

Trenaren seier at det vil bli strukturendringar, og at det blir fokusert på å bringe med mest mogleg energi inn mot Åsane-kampen.

– Vi må erkjenne at vi er der vi er. Smalne fokuset, og kome på rett kjøl.

– Meir direkte spel enn tidlegare?

– Vi ligg der vi ligg, og vi har ikkje vore flinke nok i verken duellspel eller vist nok løpskraft.

– Blir det taktikkendring?

– Eg har mine tankar om korleis fotball skal spelast. Eg må prøve å setje mitt preg på laget til denne kampen, men den som møter opp på stadion på søndag får sjå, seier Lein kryptisk.