Det var ein letta Hødd-trenar som møtte pressa etter 3-0 over Åsane på Høddvoll søndag kveld. Steinar Lein fekk den tøffe oppgåva med å styre Hødd-skuta vidare dei siste kampane før sommarferien, etter at mannen han var assistenten til inntil nyleg, Hans-Erik Eriksen, pakka tinga sine og reiste heimover til Austlandet. Lein var svært nøgd med tilbakemeldingane han fekk frå spelarane sine i kampen mot Åsane, i form av til tider gnistrande spel og høg intensitet og vilje.

- Første omgang er kraftfull. Vi scorar tre dødballmål og har stort sett full kontroll. Dei får nokre overgangar der vi rotar litt i andre omgang. Men, eg får den responsen eg ville ha frå spelarane i dag, og det skal dei ha, dei jobba knallhardt, sa Steinar Lein i pressesona etter kampen.

Første målet var signert Steffen Moltu, som stanga ballen i mål på ein flott corner frå Christoffer Aasbak etter 7 minutt. Det andre kom etter 24 minutt, då Torbjørn Kallevåg stupheada inn 2-0. Også dette målet etter assist frå Aasbak. 3-0 og krona på verket, allereie i første omgang, var Steffen Moltu som stod for, då han scora sitt andre for kvelden, igjen med pannebrasken.

La om taktikken – resultata kom

Trenar Steinar Lein la ikkje skjul på at oppladinga til kamp ikkje har vore optimal.

- Det har vore ei spesiell veke, og ein høvesvis tung sesong fram til no. Så svarar spelarane på denne måten. Spelarane har vore svært profesjonelle denne veka, seier Lein.

Trenaren la heller ikkje skjul på at han ville få laget opp og fram, og endra difor også taktikken til denne kampen. Hødd opna med 4-3-3, og fokus på få touch på ballen.

- Ja, det gjorde vi. Vi må erkjenne at vi ligg der vi ligg på tabellen, og at vi spelar i OBOS-ligaen. Duellspelet og løpskrafta, må alltid vere der i denne divisjonen, om ein skal vinne kampar. Der er vi i dag, og det gjer at vi kjem oss framover, og får tre store dødballsjansar i første omgang. Så scorar vi på alle tre, og kontrollerer kampen inn. Ikkje ein spesielt gode andre omgang, men likevel, vi fortener desse tre poenga etter denne prestasjonen, seier Steinar Lein.

- Må jobbe knallhardt vidare

Det blir ofte snakka om at lag får ein «effekt» av endringar i støtteapparatet, og då spesielt ved skifte av trenar. Anten i positiv eller negativ retning. Lein meiner grunnen til at Hødd endeleg kunne sikre seg ein ny siger er samansett.

- Når vi har opplevd negative resultat over lengre tid, som har gått på sjølvtilliten laust, og vi i tillegg ikkje lenger har ein bit av støtteapparatet rundt laget som vi har hatt ei stund, så er det klart det er ekstra godt å oppleve ein siger igjen. Målet no er å gjere det enklare for spelarane, legge enklare rammer for dei, seier Lein og legg til:

- Dette var berre éin siger, og vi må jobbe knallhardt resten av sesongen for at Hødd skal kunne stå i divisjonen. Tre kampar står att før ferien, og dei skal vi fokusere på no. Først ut er Mjøndalen borte, førstkomande torsdag.

Kampfakta

Hødd – Åsane 3-0 (3-0)

Høddvoll

Tilskodarar: 1602

Dommar: Christian Moen, Løvenstad

Mål: 1-0 Steffen Moltu (7), 2-0 Torbjørn Kallevåg (24), 3-0 Moltu (32).

Gule kort: Torbjørn Kallevåg (Hødd), Knudsen, Stephensen (Åsane)

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Christoffer Aasbak, Steffen Moltu, Hugues Wembangomo, Eirik Skaasheim - Joakim Wrele, Fredrik Sjølstad (Sondre Beite, 75), Bendik Torset (Bendik Rise, 90) - Joachim Magnussen (Didrik Sereba, 69), Robin Shroot, Torbjørn Kallevåg

Benken: Ole-Monrad Alme, Jesper Törnqvist, Didrik Sereba, Michael Karlsen, Bendik Rise, Øystein Vestvatn, Sondre Sandnes Beite