Hødd stiller med dette laget mot Åsane:

(4-3-3): Jan-Lennart Urke - Christoffer Aasbak, Steffen Moltu, Hugues Wembangomo, Eirik Skaasheim - Joakim Wrele, Fredrik Sjølstad, Bendik Torset - Joachim Magnussen, Robin Shroot, Torbjørn Kallevåg

Benken: Ole-Monrad Alme, Jesper Törnqvist, Didrik Sereba, Michael Karlsen, Bendik Rise, Øystein Vestvatn, Sondre Sandnes Beite

Første omgang

Hødd gjekk ut i ein offensiv 4-3-3 mot Åsane frå start, noko som med ein gong gav utslag i ein god målsjanse. Torbjørn Kallevåg fyrte av ein låg markkrypar frå godt skothald etter rundt eitt speleminutt, men rett i klypene på Åsane-keeperen.

Hødd skaffa seg store rom i opninga av kampen.

Så, etter knappe 7 minutt, på ein god corner Christoffer Aasbak, raga gurskingen Steffen Moltu høgast av alle, og pannebraska ballen i mål til 1-0. Eit fint mål, til stor jubel frå publikum på Høddvoll.

Hødd hadde rimeleg god kontroll det første kvarteret. Det var heilt klart å sjå at det har blitt gjort taktiske og strukturelle endringar dei siste dagane. Ballen gjekk raskare mellom lagdelane, og kvar mann har få touch på ball.

Ikkje heilt god markering på eit langt innkast for Åsane etter 19 minutt, og Joachim Soltvedt fekk avslutta. Ballen gjekk derimot rett på Jan-Lennart Urke i Hødd-målet.

Etter 24 minutt kom Hødd sitt andre for kvelden. Eit svært godt frispark frå den eminente eksekutøren Christoffer Aasbak, som såvidt passerte over to-tre Åsane-forsvarar, fann i staden Torbjørn Kallevåg, som styrte ballen i mål. 2-0 på Høddvoll fekk publikum til å trampeklappe. Ekstra spesielt var det då Kallevåg sprang bort til benken og feira målet framføre hovudtribuna.

Så, etter 32 minutt, var det ingen ringare enn midstopparbautaen Steffen Moltu som var på ferde igjen. Med sitt andre solide hovudstøyt for kvelden stanga han inn 3-0. Aasbak med ein god corner nok ein gong. Tre assistar på trønderen er ikkje verst på ein enkelt omgang.

3-0 til pause.

Andre omgang

Det var tydeleg at fungerande Hødd-trenar Steinar Lein hadde mana mannskapet sitt til å halde oppe intensiteten også i andre omgang. Åsane har mellom anna Brann-aktuelle Geir André Herrem på spissplass, ein trugsel i seg sjølv.

Fem minutt inn i omgangen hadde Robin Shroot ein god sjanse til å auke leiinga for Hødd. Bendik Torset løfta ballen vakkert inn framfor mål, der Shroot dempa kula. Men, eit touch for mykje gjorde at han ikkje fekk avslutta skikkeleg.

Etter 53 minutt fekk Shroot tak i ballen, gjekk innover mot mål, og fekk avslutta. Frå skrått hald trilla han diverre ballen forbi keeper og mål, men ein god sjanse for Hødd.

Litt daffare periode i midten av andre omgang, med lite som skjer på begge banehalvdelane.

Ti minutt før slutt slo Christoffer Aasbak nydeleg fram til Sondre Beite på løp. Beite fekk dempa og avslutta, men rett på keeper Eirik Østgaard. Flott prestasjon av Aasbak og Beite, men det blei diverre ikkje mål.

God sjanse for Åsane ved nemnte Herrem to-tre minutt etter, men avslutninga gjekk like til side for mål.

Det enda med 3-0 på Høddvoll.

Før kampen:

Konteksten før kampen er sett, og mykje vil nok handle om korleis Hødd framstår etter at det blei klart at Hans-Erik Eriksen ikkje lenger får halde fram i jobben som Hødd-trenar. Steinar Lein tek som kjent over reimane dei siste kampane før ferien, og så blir spørsmålet vidare kven som eventuelt kjem inn som ny Hødd-trenar.

Åsane har hatt ein god vårsesong og ligg no plassert på ein sterk 5. plass. Dermed er det eit lag som kjempar om kvalikkplass Hødd skal bryne seg mot søndag kveld.

Kampstart er klokka 18.00.