Bergensavisen (BA) sin LIVE-oppdaterar skildra samspelet mellom Steffen Moltu og Christoffer Aasbak mot Åsane på denne måten:

"Skulle ein kledd opp spelarar etter prestasjonar og roller i den første omgangen, hadde nok kjole og kvitt vore passende antrekk for servitør Christoffer Aasbak, medan tomålsscorar Steffen Moltu hadde fortent ei krone og ei kappe. Samspelet Aasbak-Moltu har nemleg stått for to av Hødd sine tre mål, og ved begge høve ekspederte Moltu Aasbak sin presise serv i mål.

- Sprang Åsane i senk

Samarbeidet mellom lagdelane i oppgjeret mot Åsane var tilbake til god gammal Hødd-årgang, men det skulle også nokre flotte enkeltprestasjonar til for å avgjere denne kapne. Ved to høve fann Christoffer Aasbak pannebrasken til midstopparbautaen Steffen Moltu, som gurskingen kontant sette i mål. I tillegg serverte Aasbak Torbjørn Kallevåg hans mål på sølvfat mellom Moltu sine. Han kunne også sikra seg eit fjerde målpoeng, då han med ei utsøkt pasning trefte Sondre Beite på løp, men raudtoppen frå Skodje skaut rett på Åsane-keeperen.

- Dette var utruleg deilig. Det har vore nokre tunge dagar, men vi i dag brettar vi verkeleg opp ermane, og krigar for kvarandre. Dette var eit Hødd-lag som sprang Åsane i senk, sa Aasbak nøgd til Vikebladet Vestposten etter kampen.

Med tre assistar var Aasbak mellom dei toneangjevande på kveldens Hødd-lag.

- Det er artig å bidra med målpoeng, og det lønner seg tydelegvis å stå igjen litt etter trening å øve litt ekstra på dødball. Eg veit kor Steffen kjem når han spring inn i feltet, og om eg treff bra så blir det som regel mål.

Ikkje kvardagskost

Steffen Moltu var smørblid i møte med pressa etter kamp.

- Det vi har levert så langt i år har vore så som så. Vi vinn ein solid kamp i dag, og at eg får putte to av dei er ikkje kvardagskost. Men eg er sjølvsagt godt nøgd med det, seier Moltu, som også var nær ved å score eit tredje på ein annan Aasbak-assist. Han legg til:

- Vi var bra i dag, og feiar Åsane av bana i første omgang. Dette var ein skikkeleg lagsiger.

- Blanke ark i morgon

Både Aasbak og Moltu vel no å rette fokuset mot Mjøndalen-kampen førstkomande torsdag.

- No skal vi møte opp på trening i morgon tidleg, med blanke ark. Det blir ein tøff kamp mot Mjøndalen. Då må vi levere minst like godt som vi gjorde i kveld. Eg ser ikkje nokon grunn til at vi ikkje skal klare det også då, seier Aasbak.

- No er det berre å jobbe på vidare framover, seier Moltu.

Tre målgjevande pasningar blei det på Christoffer Aasbak mot Åsane. Foto: Per Werkland.