Det gjekk som Lein sjølv håpa på. I eit møte med Hødd-styret måndag kveld blei det klart at Steinar Lein blir ny Hødd-trenar, etter at Hans-Erik Eriksen ikkje fekk halde fram i jobben.

Les også: Skal i samtalar med Hødd-styret i kveld

Les også: Eriksen ferdig i Hødd

I kampen mot Åsane søndag leia trønderen dei blåkvite som fungerande trenar, men mot Mjøndalen førstkomande torsdag står han på sidelinja som Hødd sin nye trenar.

- Vi er svært glade for å få med oss Steinar som hovudtrenar. Han har vore i klubben ei stund, og kjenner både spelarane og klubben svært godt. Med Steinar får vi kontinuitet, og ein særs dyktig fagmann, seier ein nøgd styreleiar Bård Dalen til Vikebladet Vestposten måndag kveld.

Steinar Lein signerte måndag kontrakt ut 2016, som hovudtrenar. Med seg i trenarapparatet får han Ronny Osnes og Frode Gjerde, som hovudsakleg er keepertrenarar, og Jesper Törnqvist som fysisk trenar. Törnqvist kjem også til å halde fram som spelar.

- Glad for tilliten

Steinar Lein sjølv fekk akkurat med seg slutten på den sensasjonelle sigeren til Island over England i EM, etter møtet med styret måndag kveld. Eit møte som enda med Lein som ny Hødd-trenar.

- Eg er veldig glad for at Hødd-styret viser meg tilliten. Det er også eit teikn på at dei har vore nøgde med jobben eg har gjort, seier Lein til Vikebladet Vestposten.

Lein er likevel tydeleg på at både han og laget har ein stor jobb framfor seg.

- Det er eit stort ansvar å ta på seg dette, men eg har trua på guttane og trua på at vi skal snu dette. Responsen eg fekk i kampen mot Åsane viser meg at det er mogleg å snu dette. Det var ein viktig siger, men no skal vi sikre oss nye viktige sigrar, seier Lein til slutt.