Slik stiller Hødd mot Mjøndalen:

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Christoffer Aasbak, Steffen Moltu, Hugues Wembangomo, Eirik Skaasheim - Joakim Wrele, Bendik Torset, Fredrik Sjølstad - Didrik Sereba, Robin Shroot, Eirik Ulland AndersenBenken: Ole-Monrad Alme, Jesper Törnqvist, Michael Karlsen, Øystein Vestvatn, Martin Mork Breivik

Første omgang

Dette var Hødd si moglegheit til å sikre seg sin andre siger på rad.

Diverre skulle eit Mjøndalen i storform gjere det tøft for dei blåkvite allereie etter 11 minutt. Amahl Pellegrino fekk ei strålande pasning frå bak i bana, sprang fram mot Hødd sin sekstenmeter, og sentra fint til sida.

Der kom Erik Midtgarden på eit flott løp, og kunne berre trille ballen i mål. Alt for enkelt for Mjøndalen, og slett forsvarsspel av Hødd på denne kontringa. Hødd kjem meir med i kampen etter dette, og kjempar for å score mål dei også.

Ved to høve fekk Eirik Ulland Andersen frispark i gode posisjonar. Spesielt det siste av desse kunne vore svært farleg, men skotet gjekk rett utanfor Mjøndalen-buret. Det såg så lenge ut til at resultatet 1-0 kunne står seg til pause. Men, nok eit godt Mjøndalen angrep førte til ei dobling av leiinga.

Igjen var det Jonathan Lindseth og Amahl Pellegrino som var i hovudrollene bak angrepet, og det var Pellegrino som skaut frå distanse. Urke gav ein svært unødvendig retur, som Mathias Fredriksen utnytta. Han kunne enkelt tuppe ballen i mål til 2-0.

Andre omgang

Eirik Ulland Andersen opna andre omgang ved å komme fram til to store sjansar. Den siste var størst, då han skaut rett på mål, men keeper fekk dytta ballen opp i tverrliggaren og fanga den igjen.

Hødd prøvde og prøvde, men fekk det ikkje til. Diverre for Hødd skulle det kome endå eit mål feil veg i denne kampen.

For etter 52 minutt var det Amahl Pellegrino, som stod bak det meste i denne kampen for dei brunkvite, som avslutta på mål sjølv. Ballen gjekk via beinet til Hugues Wembangomo, skifta retning, og skotet blei heilt utakbarr for keeper Urke. 3-0 etter nok eit effektivt Mjøndalen-angrep.

Etter dette kom Hødd fram til heilt greie sjansar, men det gjorde også Mjøndalen. Resultatet stod seg likevel til slutt.

Med sigeren mot Hødd byksar Mjøndalen opp på tabellen, medan Hødd framleis kjempar i botnen.

Før kampen:

Første oppgjeret med Steinar Lein som ny offisiell Hødd-trenar blir bortekampen mot Mjøndalen. Lein styrte skuta også på Høddvoll mot Åsane, ein kamp som enda med braksiger og ein oppsving både for klubben og spelarane.