Mjøndalen hadde før møtet med Hødd tre sigrar og tre uavgjortresultat på dei siste seks kampane sine. Difor visste Hødd-spelarane godt at dette ville bli ein svært tøff kamp.

Steffen Moltu og Hugues Wembangomo i midtsforsvaret til Hødd fekk ein tøff dag på jobben, med raske og teknisk dyktige Mjøndalen-spelarar som utfordra. Mjøndalen sitt første mål kom litt for enkelt, etter at kampen sin beste spelar, Mjøndalen-lynvingen Amahl Pellegrino vendte vekk Hødd-forsvaret og trilla ballen vidare til Erik Midtgarden som like enkelt kunne trille ballen i ope mål.

- Vi må nulstille oss sjølve og finne igjen given frå søndag (Åsane-kampen). Vi jobba ikkje like hardt i dag, seier Steffen Moltu til Vikebladet Vestposten.

Han er einig i at Mjøndalen hadde fleire gode, og spesielt ein svært god spelar som utfordra forsvaret gong på gong, men meiner samstundes at han og dei andre i forsvarsrekka burde hatt betre kontroll.

- Enkeltspelarar som imponerer ekstra kan forekomme, men vi skal hjelpe kvarandre og skal ta dei trugslane vi kjem over, men det klarte vi ikkje i dag. Det skal vi løyse betre på søndag, då vi får nok ein tøff kamp, seier Moltu.

- Dei scorar enkle mål

Hødd sin sisteskanse Jan-Lennart Urke var både litt uheldig og mindre dyktig i eit par situasjonar mot Mjøndalen. Han meiner Ranheim-kampen bør vere fokus no, og at ein tek med seg det beste frå Mjøndalen-kampen til denne.

- Vi var heile vegen akkurat meteren for sein i duellspelet, og fekk svi for det. Så står vi og søv på retur, der vi veit godt at det kan bli farleg. Vi er ikkje nøgde med dette resultatet, for vi veit at vi kan så mykje betre, seier Urke.

Eirik Ulland Andersen hadde ved to høve i starten av andre omgang sjansen til å påverke utfallet av denne kampen, men ingen av forsøka førte til nettsus.

- Det var eigentleg ein spelemessig jamn kamp. Men, dei scorar enkle mål på oss og vi slit med å sette sjansane våre. Vi kunne snudd kampen ved fleire høve, men fotballen er brutal. Måla kom på svært lite gunstige tidspunkt, og då dei fekk 3-0 var eigentleg kampen ferdig seier Ulland Andersen.