- Vi fekk ikkje ut same energien i denne kampen som mot Åsane. Det må vi jobbe knallhardt med fram til Ranheim-kampen på søndag, sa ein skuffa Hødd-trenar til Vikebladet Vestposten etter kampslutt.

Det skulle ikkje gå meir enn 11 minutt før ønsket om å ta med seg tre poeng frå Mjøndalen byrja å bli vanskelegare å oppfylle. Amahl Pellegrino, som skulle bli kampen sin store spelar, fekk ei strålande pasning, sprang framover og inn i Hødd sin sekstenmeter, og sentra fint til sida. Der kom Erik Midtgarden på eit flott løp, og kunne berre trille ballen i mål. Alt for enkelt for Mjøndalen, og resultat av både rådløyse og slett forsvarsspel.

- Vi kom under ganske tidleg. Så byrja vi å jobbe oss gradvis inn igjen, og det blei betre og betre utover i omgangen. Så får dei 2-0 like før pause, på eit tidspunkt som er ekstra ille i ein fotballkamp. Det gjorde jobben mykje vanskelegare for oss, seier trenar Lein.

Nok eit mål i fleisen

Etter sidebytet var det derimot eit Hødd lag med fornya mot som gjekk ut på bana. Eirik Ulland Andersen opna for sin del andre omgang ved å komme fram til to store sjansar. Den siste var størst, då han skaut rett på mål, men keeper fekk dytta ballen opp i tverrliggaren og klarte å fange den igjen. Diverre skulle Hødd få seg endå ein knekk, ikkje så lenge etter.

- I pausen bestemte vi oss for å gjere eit ærleg forsøk i andre. Eirik (Ulland Andersen) kom fram til to kjempesjansar, men begge blei diverre keepermat. Rett etter dette får vi så 3-0 fleisen. Då blei det veldig vanskeleg. Diverre blei det ikkje poeng på bortebane denne gongen. Men, kvar kamp lev sitt eige liv, og i dag var det ein heilt anna kamp enn mot Åsane. Mjøndalen var i dag eit betre lag enn oss, og fekk utteljing for det, seier Lein.

Hødd visste godt kva dei gjekk til før denne bortekampen.

- Det er klart, når du møter eit lag som før denne kampen hadde gått seks kampar utan tap, tre uavgjorte og tre sigrar, så veit du at det blir knalltøft. Mjøndalen har heilt klart funne tilbake til den gode gamle oppskrifta si, med høgt intensivt press. Dette var inga overrasking for oss, men vi var ikkje dyktige nok på vår side. Det var eit godt lag vi møtte, men likevel er vi sjølvsagt skuffa over å ikkje få med oss nye poeng, seier Lein og legg til:

- Heldigvis har vi ei ny moglegheit på søndag. No skal vi riste av oss dette, ta med oss det positive, og sjå framover mot den.

- Mentale knekkar

Hødd-kapteinen var på ingen måte nøgd med resultatet mot Mjøndalen, men er klar på at spelarane gav det dei hadde.

- Vi gir det vi kan, men Mjøndalen hadde meir energi enn oss. Og så scorar dei mål. Vi hadde ein klar taktikk og mykje sjølvtillit frå førre kampen, men med 1-0 så tidleg, og to null like før pause, fekk vi oss to solide mentale knekkar. Med eit tidleg tredje mål i andre blir det bort i mot umogleg. Klart, hadde vi scora på kva som helst slags tidspunkt mellom desse måla, kunne dette blitt ein heilt annan kamp og eit heilt anna resultat, seier Joakim Wrele.

Svensken seier Hødd-laget no skal gjere det dei kan for å stille til kamp på søndag, fullt skjerpa og med ermane godt bretta opp.

- No skal vi lade bateria, og få i gong laget hundre prosent igjen. Vi skal ha hundre prosent fokus på å vinne den kampen.

Kampfakta

Mjøndalen - Hødd 3-0 (2-0)

Bane: Isachsen Stadion

Dommar: Torkjell Trædal, Gjelleråsen IF

Mål: 1-0 Erik Midtgarden (11), 2-0 Mathias Fredriksen (44), 3-0 Amahl Pellegrino (52)

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Christoffer Aasbak, Steffen Moltu, Hugues Wembangomo, Eirik Skaasheim - Joakim Wrele, Bendik Torset (Vestvatn, 73), Fredrik Sjølstad (Mork Breivik, 85) - Didrik Sereba, Robin Shroot (Karlsen, 77), Eirik Ulland Andersen

Benken: Ole-Monrad Alme, Jesper Törnqvist, Michael Karlsen, Øystein Vestvatn, Martin Mork Breivik