Den nye norske rekorden vart sett under Världsungdomsspelen i Gøteborg i dag.

Den nye rekorden lyder på 49,45. Tida er berre fem hundredelar bak det internasjonale OL kravet, skriv trenar Arve Hatløy i ein e-post til Vikebladet Vestposten.

Med denne tida slo han sin eigen rekord som han sette i Florø for litt under ein månad sidan. Der passerte han målstreken på 49,62.

Neste og siste mogelegheit til å kvalifisere seg til OL blir under EM i Amsterdam 6.-10. juli. Om han ikkje skulle klare å nå kravet, kan Dimna-guten likevel kome med på nasjonal kvote.