Du har med andre ord knappe seks veker på å kome deg i form på.

Gir seg aldri

Dette stadfestar at løpsarrangørane i Hareid IL-systemet «aldri» gir seg:

Grimstadvatnet Rundt har vore halde 140 gonger, Snipsøyrvatnet Rundt  36 gonger og den populære fjellorienteringa går i år for for 27. gong.

Lite tyder på at nokon av desse tiltaka vil gå inn med det første.

I nyetraseen for tredje gong

Som i 2014 og 2015 går NV Maraton i den nye traseen frå Hareid stadion – fram Rotarystien og rundt Snipsøyrvatnet. Heilmaratonløparane spring traseen to gonger.

I heile perioden 1991-2013 gjekk løpet i vegtraseen frå Rundebrua til Hareid stadion. Men på grunn av den store biltrafikken der vedtok arrangørane å satse på ny trasé frå og med 2014.

Jubilantar

I fjor vart det gjort særleg stas på Kjell M. Fagerlund og Per Arne Pedersen, som begge då hadde delteke i samtlege utgåver av NV sidan starten i 1991.

Løpet hadde 8 deltakarar på full distanse og 33 på halv. Deltakartalet på full distanse var det lågaste som har vore.

Den nye traseen i 2014 førte til det høgaste deltakartalet sidan 1997 med 21 deltakarar på heil distanse og 45 på halv. Men i fjor sprang altså berre 8 full distanse, medan 33 sprang halv.

Blir det betre i år?