Torsdag startar landslagsturneringa der dei norske Handballjentene møter fleire av sine olympiske motstandarar i generalprøva framfor Rio-OL. Ulstein Cup 21. til 24. juli er samstundes markeringa av Hødd handball sitt 70-årsjubileum.  Det skriv Hødd handball i ei pressemelding.

«Rett etter krigen var ikkje alt slik som i dag. Det heile starta med berre eit damelag. Dei hadde ikkje skikkeleg ball, og drakter blei lånt av fotballaget.»

Slik startar ein artikkel på heimesida til Hødd handball. Det er ei lang ferd frå 1946 til 2016-utgåva av handballgruppa som saman med handballforbundet kan invitere til landslagsturnering i klubben si «eiga storstove» Ulsteinhallen.

– Vi er både stolte og audmjuke over å kunne invitere handballfamilien i heile landsdelen til ei slik internasjonal turnering. At det er dei norske Handballjentene si oppkøyring til OL, gjer det sjølvsagt ekstra moro, seier leiar Jarl Martin Møller i Hødd handball.

Norge opnar mot Romania på torsdag, før Spania ventar laurdag - begge komande OL-motstandarar i Rio for det norske landslaget. Søndag avsluttar Norge turneringa mot Frankrike (sjå kampoppsett under). Frå onsdag er alle fire landslaga samla i Ulsteinvik.

– På vegne av Ulstein kommune vil eg seie meg kjempefornøgd med at handballforbundet har valt å legge samlinga si til Ulsteinvik. Ulsteinhallen har vist seg å vere ei god investering for kommunen, og som idrettslaga i kommunen har gjort seg god nytte av, seier ordførar Knut Erik Engh i Ulstein.

Mange frivillige legg ned stor ein stor innsats i alt frå å rigge og drive kiosksal, til å utføre oppgåver som musikk-dj og vere guidar for landslaga. Turneringa hadde likevel ikkje vore muleg utan lokale støttespelarar. Hødd handball set stor pris på raus støtte frå Ulstein kommune for praktisk tilrettelegging - og som hovudsponsor for Ulstein Cup.

– Eg vil gi ros til Hødd Handball for den innsatsen dei har lagt ned for å realisere turneringa, og håper det vert ein stor suksess. Det gleder meg at landslaget gir uttrykk for at dei trivast her, og satsar på at opphaldet i Ulstein vert avgjerande for at OL-gullet blir med heim, seier Ulstein-ordføraren.

Dei om lag 6100 billettane til kampane er nær utselt, men dei siste kring 200 restbillettane ligg no ute for sal på Sjøborg kulturhus si side www.sjoborg.no. Tv-sjåarar i Norge og fleire europeiske land kan følgje turneringa. Tv-Norge sender direkte med kommentator Asbjørn Myhre og ekspertkommentator Sindre Walstad i UIsteinhallen.

Kampoppsett:

Torsdag 21. juli: kl. 17.15 Frankrike-Spania og kl. 19.30 Norge-Romania

Laurdag 23. juli: 17.15 Romania-Frankrike og kl. 19.30 Norge-Spania

Søndag 24. juli: 15.45 Spania -Romania og kl. 18.00 Norge-Frankrike