– Eg var med troppen til Algarve i 2012, men då visste eg at eg ikkje fekk vere med til OL i London. Eg var vel hakket unna. Men sidan då har eg tenkt at i neste OL skal eg vere der. Sånn sett har eg vel sett fram til dette i fire år, fortel 25-åringen.

Frå tidlegare har ho vore med det norske landslaget på EM-gullet i 2010 og på VM-gull både i 2011 og 2015. Så då er det gjerne OL-gullet som manglar?

– OL-gull er draumen, men når vi reiser så er vi veldig audmjuke. Spesielt i vår pulje så er alle laga vi møter lag som vi kan slå, men som vi også kan tape mot. Vi reiser dit for å prøve å ta mest mogleg poeng i gruppespelet, slik at vi kan ta oss til ei kvartfinale. Derfrå kan alt skje, men vi drøymer sjølvsagt om OL-gull. Det ville vere teit å seie noko anna.

Får målt seg mot gode lag

I løpet av dei fire neste dagane møter Molid og resten av Handballjentene tre lag som alle kan finne på å blande seg inn i medaljekampen i Rio. Romania og Spania møter Norge også i gruppespelet i OL.

– Ei slik turnering (som Ulstein Cup) gir oss veldig mykje. Det gir ein peikepinn på kvar vi ligg an. Alt treng ikkje gå knirkefritt no for at det skal gjere det i eit OL, men vi finn ut av kva vi må jobbe med og får målt oss mot lag som truleg kjem til å gjere det godt i OL. Det er veldig god trening for oss og vi ønskjer jo å vinne desse kampane også. Det er god trening i å spele og avgjere tette kampar.

Før Ulstein Cup har dei norske Handballjentene trena ei veke i Ulstein og Hareid. Ifølgje Molid blir desse oppkøyringane litt annleis enn slik det blir framom eit VM eller EM.

– Sidan OL er på sommaren så har vi ikkje så mykje klubbaktivitet. Derfor har vi ein pre-camp pluss ei eigentreningsperiode og det er fleire samlingar. Før desember-meisterskapa så er ein vanlegvis med klubblaget heile hausten.

Og Molid er nøgd med treningsveka som er gjennomført på Hareidlandet.

– Det har vore veldig bra. Vi er blitt tatt veldig godt hand om og har fått trent i eit bra styrkerom og gode hallar. Vi har fått jobba godt og eg satsar på at vi har fått lagt eit godt grunnlag for det vi skal gjere seinare i sommar, smiler ho.

Handballjentene har hatt treningar både i Hareidhallen og Ulsteinhallen før Ulstein Cup.