Det norske laget fekk ein pangstart på kampen mot Spania under andre dag av Ulstein Cup, då Veronica Kristiansen sette to kjappe scoringar for Norge.

Men Spania var på ingen måte ufarlege, og med godt forsvarsspel tvinga dei fram ei rekkje feil frå det norske laget. Utover i den første omgangen tok spanjolane kontroll over kampen, og ved pause hadde dei sikra seg ei luke på fire mål. Etter den første omgangen var stillinga 12-16.

Handballjentene fekk litt betre sving på sakene etter kvilen, og var i leiinga ei kort stund, men denne kvelden var det Spania som var litt vassare. Då sluttsignalet gjalla utover hallen var stillinga 26-28 til Spania.

For lite aggressive

Kari Aalvik Grimsbø spelte den andre omgangen i det norske målet, etter at Katrine Lunde spelte dei første 30 minutta.

- Eg synest vi viser i ei periode på om lag eit kvarter at vi klarar å heve oss defensivt og levere det som skal til for å stoppe Spania, men som i den første omgangen så gjer vi litt for mykje feil og vi klarar ikkje å halde oppe aggressiviteten i forsvar, og då blir det veldig vanskeleg. Men eg synest vi viser at vi kan, og at om vi spelar på det nivået som vi viser i periodar så kan vi vinne denne kampen, seier keeperen.

Ho trur det norske laget fekk gode svar på kva dei må jobbe vidare med i tida framover.

Lærer mykje

Kampen mot Spania vart ein klart tøffare test for det norske laget enn torsdagskampen mot Romania.

- Ein lærer utruleg mykje av slike kampar, og vi får jobbe veldig godt mentalt. Eg trur det er veldig bra i ein slik fase som vi er inne i no. Då blir vi ikkje tekne på senga av at ting ikkje fungerer midt i eit meisterskap.

Då Norge jaga på for å prøve å sikre sigeren på slutten testa laget ut å ta ut keeper for å sette inn ein sjuande utespelar. Denne gongen gav ikkje det ønskt resultat, då Spania sin keeper Silvia Navarro scora frå eigen seksmeter i eit tomt norsk mål.

- I klubbane eg har vore i så har vi ikkje spelt noko særleg med bytte av keeper, så eg er litt spent på kva vi kjem til å møte i OL, og kor mykje dei ulike laga kjem til å bruke det. Sjølv er eg litt usikker på kor mykje ein tener på det, men det må ein sjå litt på korleis spelet utviklar seg undervegs i OL.

Aalvik Grimsbø er ein av to norske keeperar i OL-troppen, i tillegg til at Silje Solberg er med som reserve. Laurdag var det nok Grimsbø som vann den interne keeperduellen.

- Eg kjem inn og får ein bra start. Kroppen er litt tung akkurat no så det er nokre skudd eg føler eg kunne ha tatt, der eg er på ballen, men det er ein ok omgang. Det er framleis ting å jobbe med så eg er ikkje heilt der eg kan vere heilt endå.

Men så er det framleis nokre veker til forma skal vere på topp for Aalvik Grimsbø og dei norske Handballjentene. Og allereie sundag er det ein ny sjanse til å spisse formen inn mot OL. Då møter Norge Frankrike, som laurdag hadde full kontroll på Romania. Frankrike vann 24-18.

- Frankrike er ein god motstandar med mange gode spelarar, og eg synest det er utruleg bra at vi kan vere her og få tre så tøffe kampar som førebuing til OL. Det er optimalt for vår del, slår keeperen fast.