Eirik Skaasheim spelte mykje for Hødd under sitt låneopphald i Ulsteinvik, men er no tilbake i Sogndal. Sportsleg leiar i Hødd, Geir Hansen, seier likevel at det ikkje ligg føre nokre konkrete planar om å hente inn andre spelarar.

- Vi har 19 utespelarar, to keeperar og nokre hospitantar frå rekruttstallen, så vi har nok spelarar og vi synest eigentleg at vi har ein bra stall. Derfor er vi ikkje desperate etter å hente inn fleire, men vi held auger og øyre opne, fortel Hansen.

Hansen legg til at det per dags dato ikkje er konkret interesse for nokon spelarar, verken på veg ut eller inn.

Sunnmørsposten skriv tysdag at Hødd skal vere på jakt etter ein forsvarsspelar.

- Vi har ei stund vurdert å sjå etter ein spelar som kan spele både back og stoppar. Det har vore prioritert ei periode, men det er som sagt ingenting konkret akkurat no, fortel Hansen til Vikebladet Vestposten.

Tysdag om ei veke startar haustsesongen for Hødd med heimekamp mot Kristiansund. Men før det spelar laget treningskamp mot Herd på Høddvoll onsdag kveld.