Det har ikkje blitt den sesongen mange håpa på for Hødd. 18 poeng på dei første 17 kampane gir ein 12.plass før haustsesongen tek til, og laget må levere ein annan prestasjon utover hausten om ein skal ha håp om å klatre vekk frå nedrykkskampen.

Tysdag 2. august startar alvoret igjen for Steinar Lein og Hødd-spelarane, som er tilbake på Høddvoll-kunstgraset etter ei lita sommarpause. Første test er serieleiar Kristiansund BK, som har kurs rett mot Tippeligaen. Deretter ventar tre kampar på rad mot nyopprykka lag.

Men det blir høve til å sjå Hødd før den tid. Allereie onsdag spelar laget treningskamp heime på Høddvoll, og det mot eit lag med mange gamle kjente. Onsdag kjem nemleg 3.-divisjonslaget Herd på besøk.