Hødd – Herd 2 - 1 (1-1)

Treningskamp, nye Høddvoll

Hødd: Ole Monrad Alme – Hugues Wembangomo, Steffen Moltu, Joakim Wrele, Christoffer Aasbak – Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset, Øystein Vestvatn – Didrik Sereba, Eirik Ulland Andersen, Joachim Magnussen.

Benk: Rikard Osnes, Jesper Törnqvist, Michael Karlsen, Bendik Rise, Vegard Heltne, Martin Mork Breivik, Sondre Beite.

Mål: 0-1 Vegard Bruland (12), 1-1 Joachim Magnussen (25), 2-1 Didrik Sereba (64)

Første omgang

Hødd valte topplaget i den lokale 3.-divisjonsavdeling som motstand då dei varma opp til starten på haustsesongen heime på Høddvoll. Herd har imponert i vårsesongen og har fått ei luke på toppen av avdeling 08.

Det var ikkje mykje som tyda på divisjonsskilnad mellom laga i opninga av kampen, og det var Herd som fekk  første målsjansen. Frå kort hald måtte Ole Monrad Alme gjere ei god redning for å hindre scoring.

Og med den første sjansen på blokka viste 3.-divisjonslaget at det bur ein del fotball i laget. Herd stod høgt i banen og pressa Hødd til å gjere feil etter feil. Jonas Ingebrigtsen var nære ved å sende Herd i leiinga med eit fint frispark frå vel 20 meter, men Ole Monrad Alme var på rett plass også denne gongen og fekk slått til corner.

I det 12. minutt kom første scoring på Høddvoll, og som med dei første to sjansane, var det Herd som fekk ballen i nettmaskene. Vegard Bruland stonga kontant inn eit godt slått hjørnespark, til fortent leiing til bortelaget.

No kunne det sjå ut til at Hødd-spelarane framleis var i feriemodus, men heimelaget fekk etablert meir spel inne på Herd sin halvdel. Både rytmen og presisjonen mangla likevel i det Hødd prøvde på, og laget skapte ingenting dei første 20 minutta.

I staden heldt Torbjørn Kallevåg på å gje vekk ei scoring til Herd då han slo ei elendig pasning bakover, rett til ein Herd-spelar som sette ballen via ein forsvarar og over mål.

Det første som likna tendensar til angrepsspel frå Hødd kom etter 22 minutt, då ein lang ball vart sendt i bakrom mot Didrik Sereba, men keeper Henrik Hagen var vaken ute og fekk akkurat takla vekk ballen før Sereba nådde fram.

Herd var det klart beste laget, men Hødd utlikna på si første moglegheit i kampen. Vestvatn fann Wembangomo på høgresida og backen leverte eit godt innlegg til Joachim Magnussen som heada i mål.

Magnussen var også farleg frampå få minutt seinare, men denne gongen fekk han ikkje kontroll på Ulland Andersen sitt gode innlegg.

Inn mot pause jamna det heile seg meir ut, og ingen av laga fekk til det heilt store framom mål. Presisjonen i Hødd-spelet betra seg noko, men verken pasningskvaliteten eller tempoet i det heimelaget heldt på med var godt nok.

Andre omgang

Ved pause bytta Hødd inn Jesper Törnqivst, Martin Mork Breivik, Sondre Beite, Bendik Rise og Michael Karlsen. Ut gjekk Wembangomo, Kallevåg, Vestvatn, Ulland Andersen og Magnussen.

Bytta løna seg nesten frå start. Michael Karlsen var berre millimeter frå å sette inn 2-1 med eit godt skot, men redninga frå Henrik Hagen var endå betre, då han fekk slått ballen via tverrliggaren og ned på rett side av streken.

Kvarteret ut i den andre omgangen var det bortelaget som hadde sjansen til å ta tilbake leiinga på straffespark, men Ingolfur Kristiansson sette ballen i aluminiumen og ut.

I staden gjekk Hødd opp i 2-1 eit par minutt seinare. Bendik Rise tvinga først fram ei god redning frå innbyttar Eric Solheim, før Didrik Sereba sette inn returen.

Og no var det heimelaget som skapte det mest, med brukbare moglegheiter for både Beite, Karlsen og Sereba.

20 minutt før full tid fekk også Vegard Heltne sjansen på venstrebaken, og Christoffer Aasbak fekk kvile.

Kristiansson var ein trussel på topp for Herd, og fekk ei bra moglegheit mot eit for passivt Hødd-forsvar kvarteret før slutt. Heldigvis for heimelaget var Ole Monrad Alme solid mellom stengene.

Med tolv minutt att på klokka måtte Torbjørn Kallevåg inn att på banen, då Michael Karlsen fekk ein trøkk i ein duell og måtte ut.

På slutten skjedde det lite og kampen ebba ut med 2-1 og dermed siger til Hødd, utan at laget på nokon måte imponerte ei knapp veke før heimekampen mot KBK.

Viktig økt

Trenar Steinar Lein såg nok ein god del som må rettast på før topplaget i 1.-divisjon kjem på besøk.

- No er Herd eit bra lag, og dei går ut i hundre frå start, medan vi ikkje er heilt der. Då blir det litt kaotisk og vi stressar litt for mykje, i staden for å roe ned, bearbeide og få folk i rette posisjonar. Det blir litt for halvvegs i ei lang periode.

Spesielt i den første omgangen mangla både tempo og presisjon i spelet til Hødd, men Lein trur Hødd hadde godt av å få skikkeleg kamptrening.

- Det var viktig for oss å få ei økt med litt meir kamplikt tempo på stor bane.

Og etter pausen såg det noko betre ut for heimelaget, i det minste i første halvdel av den andre omgangen.

- Det er nok litt fordi Herd hadde løpt litt frå seg, men også fordi vi fekk justert litt korleis vi ønskte å ha kampen og vi såg litt betre ut.

Men også i andreomgangen var det eit stykke frå det nivået Hødd må levere mot KBK.

- Det er klart, men treningskampar er treningskampar, og det blir noko anna når vi skal spele om poeng, trur Lein.