Vesle Dimna IL har blitt ein friidrettsklubb som verkeleg viser igjen i norsk friidrett. Karsten Warholm må sjølvsagt ta sin del av "skulda" for dette, men han er på ingen måte åleine om å sette Dimna IL på kartet. Dei siste åra har mellom anna Marthe Mjøen Berg, Renate Grimstad og Fride Møller Flatin teke medaljer i senior-NM. Og nyleg imponerte Toralv Opsal, ny i Dimna IL denne sesongen, då han tok ein råsterk femteplass i mangekampkonkurransen under U20-VM i Polen.

Frå fredag har Dimna-utøvarane nye sjansar til å hente edelt metall heim til Ulsteinvik, no under senior-NM på Askøy. Dessverre kom NM litt for raskt for Marthe Mjøen Berg, som endeleg ser ut til å vere på veg tilbake på friidrettsbana, men Dimna har ei rekkje utøvarar som godt kan finne på å hevde seg på Askøy.

Trenar mot OL

Størst forventningar er det sjølvsagt til Karsten Warholm, som vann kongepokalen under NM i 2015. Då vann han både 400 meter og 400 meter hekk, i tillegg til å ta sølv både på 110 meter hekk og i lengdekonkurransen. I år er Warholm meldt opp på 400 meter hekk, 400 meter og på 200 meter.

– Det er først og fremst 400 hekk og 400 flatt som er planen, slik at han får trening fram mot OL, fortel trenar Arve Hatløy.

Og Warholm er naturleg nok storfavoritt på begge øvingane, spesielt når han ikkje må gjennom forsøksheat på langhekken. Spørsmålet blir likevel kor mykje krutt Warholm må brenne av for å ta seg vidare frå forsøket på 400 meter fredag ettermiddag, for same kveld ventar finalen på langhekken.

Fleire medaljekandidatar

På 400 meter flatt skal også Toralv Opsal i aksjon. Han sette ny personleg rekord på distansen med tida 49,17 under U20-VM i Polen, og det midt i ein tung tikamp.

– Toralv kan vere ein medaljekandidat, kanskje mest realistisk i lengde. Han kan klare ein finaleplass på 400 meter, medan det er temmeleg ope i stavkonkurransen, trur Arve Hatløy.

Ei ungjente det også er forventningar til er Fride Møller Flatin, som storma inn i norgestoppen i kappgang i 2015. Då tok ho ei imponerande NM-bronse i debuten i NM.

– Ho har vore mykje skadeplaga i sommar, men treninga dei siste 14 dagane har gått veldig bra, og då er ho også i medaljesjiktet, sjølv om 3000 meter kanskje er ein litt kort distanse for henne, fortel Hatløy.

Totalt er Dimna-utøvarar meldt opp i ti øvingar under NM:

UtøvarForsøkFinale
Karsten Warholm400 m: fre 15:10200 m: lau 10:30/sf: 13:20400 m: lau 17:50200 m: sun 12:25400m hk: fre 19:20
Toralv Opsal400 m: fre 15:10200 m: lau 10:30/sf: 13:20400 m: lau: 17:50Lengde: fre 17:55Stav: lau 16:05200 m: sun 12.25
Fride M. Flatin3000 m kappg. fre: 17:35
Henrik Overvåg100 m: fre 14/ sf: 17200 m: lau 10:30/sf: 13:20100 m: fre 19:45200 m: sun 12.25
Onar Apelseth100 m: fre 14/ sf: 17100 m: fre 19:45
Alice Ulla Berg400 m: fre 15:35400 m: 17:35
Ådne Andersen800 m: lau 12:00800 m: sun 13:30
Karsten Warholm er storfavoritt både på 400 meter og 400 meter hekk under NM på Askøy. Foto: Eirik Førde