Karsten Warholm hadde ingen problem med å ta seg til finale på 400 meter under NM i friidrett på Askøy. Med 48,16 vann han det første heatet, framom sin største konkurrent på distansen, Mauritz Kåshagen.

Warholm tok kommando frå start i løpet, men roa deretter ned midtvegs og låg bak Kåshagen då det stod att 100 meter, men ein liten sluttspurt sikra heatsigeren og Warholm er dermed klar for finale laurdag ettermiddag.

Warholm forsøkte nok å gjennomføre så billeg som mogleg, ettersom han skal springe finale på 400 meter hekk seinare i kveld.

Opsal også til finale

I det andre heatet kom Dimna-ungguten Toralv Opsal, som sette ny personleg rekord under U20-VM i Polen nyleg. Der kom han i mål på 48,93.

Som Warholm i heatet før seg sprang Opsal i den sjuande bana, men han gjekk ikkje like raskt ut av startblokkene som klubbkollegaen. Vinnar i heatet vart Yeimer Lopez på tida 48,67. Opsal kom inn til ein fjerdeplass på 49,87 og han tok dermed den siste finaleplassen.

Dermed får Dimna IL to løparar i finalen på 400 meter. Den går laurdag klokka 17.50.

Spanande for Ulla Berg

På kvinnesida hadde Dimna IL med Alice Ulla Berg. Ho fekk ein bra start på sitt forsøksheat, men nådde ikkje heilt opp til dei tre plassane som gav direkte finaleplass. Ho enda på ein fjerdeplass med 59,31 i det første heatet, og måtte dermed vente på tidene frå det andre heatet for å sjå om ho tok seg vidare.

I det andre heatet gjekk det raskare med dei beste. Både den fjerde og femte beste tida i dette heatet var bedre enn Ulla Berg si tid frå det første, og dermed blei det dessverre ikkje finaleplass på Dimna-jenta denne gongen.

UtøvarForsøkFinale
Karsten Warholm400 m: 48,16200 m: lau 10:30/sf: 13:20400 m: lau 17:50200 m: sun 12:25400m hk: fre 19:20
Toralv Opsal400 m: 49,87200 m: lau 10:30/sf: 13:20400 m: lau: 17:50Lengde: fre 17:55Stav: lau 16:05200 m: sun 12.25
Fride M. Flatin3000 m kappg. fre: 17:35
Henrik Overvåg100 m: 11,40 SF: DNF200 m: lau 10:30/sf: 13:20200 m: sun 12.25
Onar Apelseth100 m: 11,60
Alice Ulla Berg400 m: 59,31
Ådne Andersen800 m: lau 12:00800 m: sun 13:30