Både Henrik Overvåg og Onar Apelseth frå Dimna IL prøvde fredag ettermiddag å ta seg vidare frå forsøksheatet på 100 meter.

Overvåg kom i heat 2, og 22-åringen viser at han har funne tilbake til bra sprintform denne sesongen. Heatet gjekk i kraftig motvind, men Overvåg sprang inn til tredjeplass og er dermed direkte kvalifisert til semifinale. Dei tre beste frå kvart av dei fem heata, pluss den fjerdeplassen med beste tida går vidare til semifinale seinare i ettermiddag. Tida til Overvåg var 11,40. Dette er eit stykke bak hans årsbeste som er 10,83.

I det fjerde heatet kom den andre av dei to Dimna-utøvarane, Onar Apelseth. Han kom i femte bane. Hans personlege rekord på øvinga er 11,19, men i motvinden vart det ikkje enkelt å springe fullt så raskt. Apelseth kom litt bakpå frå start, men gjorde ei god avslutning og 17-åringen sprang seg opp til ein fjerdeplass i heatet. Tida blei 11,60 og tida var dermed litt for svak til å ta seg vidare til semifinale på tid. Det var likevel nære på at Apelseth kom med i semifinalen, då han berre var hundredelet bak Kenneth Vik Gulbrandsen som tok tredjeplassen i heatet.

Både semifinaler og finale blir gjennomført fredag.

UtøvarForsøkFinale
Karsten Warholm400 m: 48,16200 m: lau 10:30/sf: 13:20400 m: lau 17:50200 m: sun 12:25400m hk: fre 19:20
Toralv Opsal400 m: 49,87200 m: lau 10:30/sf: 13:20400 m: lau: 17:50Lengde: fre 17:55Stav: lau 16:05200 m: sun 12.25
Fride M. Flatin3000 m kappg. 15,52,17
Henrik Overvåg100 m: 11,40 SF: DNF200 m: 31,32
Onar Apelseth100 m: 11,60200 m: 23,56
Alice Ulla Berg400 m: 59,31
Ådne Andersen800 m: 1,53,23