Karsten Warholm varma opp til finalen på 400 meter hekk med å ta seg kontrollert vidare frå forsøksheatet på 400 meter flatt fredag ettermiddag.

I finalen på OL-distansen til stortalentet frå Dimna IL var Warholm naturlegvis storfavoritt, med tidlegare norgesrekordhaldar Øyvind Strømmen Kjerpeset som sin argaste utfordrar.

Karsten Warholm gav full gass frå start på langhekken og leda klart etter 200 meter. Han hadde også full kontroll inn på oppløpet og sprang inn til 50,72 og med god margin ned til nestemann. Ei fin gjennomkøyring for Warholm før OL i Rio de Janeiro. Strømmen Kjerpeseth tok andreplassen.

Vinnartida er eit godt stykke bak Warholm sin norske rekord, men forholda på Askøy har ikkje vore optimale med tanke på rekordar, med både vind og nedbør under første dag av NM.

Laurdag spring Warholm finale på 400 meter flatt.