Sjølv om han er i "feriemodus" slo han likevel til med siger i Nordvest Maraton, på tida 3.17,4.

- Det er også mitt første maraton i Norge. Å gjennomføre mitt første norske maraton Hareid var eit svært godt val. Det er heilt nydeleg her, og folka som bur her er flotte, seier Alex Scherz.

Les også: Ny løyperekord i Nordvest Maraton

Han byrja faktisk ikkje å springe maraton før i 2008, og til no har han fullført over 60 maraton kring om i heile verda, i 30 ulike land.

- Eg har faktisk vore med på maraton i alle sju verdsdelane, inkludert Antarktis, seier Scherz og smiler.

Det tøffaste løpet han nokosinne har gjennomført var Badwater Ultramarathon i California, USA, med start i Death Valley og mål på stien opp til Mount Whitney. Eit løp på 217 kilometer som går frå 85 meter under havet til enorme 2548 meter over havet.

- Eg gjennomførte på rundt 30 timar. Det var knalltøft, seier Scherz.

Oppvarming

Den usedvanleg blide karen med den imponerande hårmanken blei verkeleg "biten av basillen" etter at han starta å springe maraton, noko som har ført til at han også har konkurrert i fleire triathlon, mellom anna Hawaiian Iron Man Triathlon, samt ei stor mengde ultraløp.

- Dette løpet blir på ein måte ei form for oppvarming. Neste veke er eg i Stavanger og skal springe Stavanger Maraton, seier Alex.

Det går i eitt med den springeglade sveitsaren, for førre veke var han i Helsinki i Finland og sprang heilmaraton der. For knappe to veker sidan var han i Sverige og sprang Höga Kusten Marathon i Nordingrå.

- Det er ein fin hobby for meg, og hjelper meg å roe meg ned og "sone ut" litt.

- Såg ut som ein fin plass

Det var eigentleg litt tilfeldig at sveitsaren kom til Hareid, under det som for han snart har vore ein månads ferie.

- Måndag reiste eg med ferja frå Helsinki til Stockholm, og det var då eg booka meg plass i Stavanger Marathon, då eg enno ikkje har konkurrert i Norge. Eg visste eg ville få litt tid mellom Höga Kusten-løpet i Sverige og maraton i Stavanger, så eg bestemte meg for å reise på litt sightseeing. Eg har høyrt mykje fint om Nordvestlandet i Norge, og fann ut via nettet at det skulle arrangerast maraton på ein liten stad som heitte Hareid. Perfekt tenkte eg, og etter eit kjapt Google-søk forelska eg meg i staden. Eg kan bekrefte at den kjensla berre blei sterkare då eg kom på hotellet i Ulsteinvik, og var med i Nordvest Maraton i dag, seier Alex Sherz nøgd, og legg til:

- Eg hadde høyrt at det kunne vere utrygt for dårleg vêr her oppe, men det har eg opplevd før, då eg sprang maraton på Island og på Færøyane. Heldigvis var vêret godt i dag.

Neste år har Alex, som jobbar som sportspsykolog, planar om å delta i Oslo Maraton. Han legg ikkje skjul på at han kanskje returnerar til Hareid ein gong i framtida, men kan ikkje seie sikkert om det allereie blir neste år.

- Vi får sjå. Eg har alltid nye plassar eg ønskjer å besøke, men Hareid og området her ute må vere ein av favorittane mine, seier han til slutt.

Det var ein blid sveitsar som tok ein prat med Vidar Vollsæter etter løpet. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.