Hødd 2 hadde sjansen til å klatre opp på ein fjerdeplass i 3.-divisjonsavdelinga med siger borte mot Aalesund 2, men det var heimelaget som fekk beste starten og som scora allereie etter vel 15 sekund. Ein sjokkstart frå vertane, men Hødd 2 kom tilbake og utlikna ved Bendik Rise like før pause. Sondre Beite utnytta ein svak inngripen frå keeper Lars Cramer og gav Rise ein grei jobb med å sette ballen i mål.

Dermed var laga likt ved pause, og Hødd 2 hadde dermed framleis sjansen til å få med seg poeng frå Ålesund. Men slik ville ikkje Anders Waagan det. Han scora AaFK2 sitt første denne kvelden og sette også inn 2-1 vel 20 minutt ut i den andre omgangen.

Og den andre scoringa var berre byrjinga for heimelaget. 20 minutt før full tid var det innbyttar Emil Solnørdal som auka leiinga til 3-1, før Waagen sette inn to nye scoringar i løpet av det siste kvarteret. Dermed 5-1 til AaFK 2 som stilte med fleire A-lagsspelarar frå start i denne kampen.

Hødd 2 stilte med eit noko yngre lag i Ålesund, og makta altså ikkje å få med seg poeng frå kampen. Dermed ligg Hødd 2 på ein 6.-plass, poenget bak Bergsøy og AaFK 2.