Det vart mange nervøse minutt for publikum på Høddvoll i kampen mellom Hødd og Mjøndalen. Spesielt etter at Fredrik Sjølstad måtte ha tilsyn ute på bana og etter kvart måtte byttast ut. Der og då såg det ut til å vere dramatisk, men Sjølstad fortel etter kampen at det heldigvis berre var snakk om ei krampen.

- Men så vondt har eg aldri hatt det før. Eg har hatt mykje krampe, men aldri slik som dette, seier Sjølstad. Midtbanespelaren leverte ein bra kamp for Hødd, og fekk ei bra gjennomkøyring etter å ha slite ein del med skader den siste tida, men Sjølstad synest ikkje akkurat det vart nokon vakker kamp mellom dei to laga.

- Nei, det er ein skikkeleg slitekamp, med svært lite finspel. Vi gjer det vi er einige om på førehand og vi lukkast ganske bra med det.

Og akkurat no er nok poenga uansett viktigare enn finspelet.

- No er det veldig viktig med mest mogleg poeng. Det er framleis ein kamp om å overleve, seier Sjølstad.

Hødd tok igjen tre poeng heime på Høddvoll, og det trengs ettersom borteforma er dårlegast i Obosligaen.

- Her er vi botnsolide, og no må vi prøve å få til litt meir av det borte også. Det er veldig godt at vi fekk litt meir luke nedover etter denne kampen, men dette er uansett ikkje noko kvilepute. Til helga får vi ein typisk sekspoengerskamp og der må vi unngå å tape, seier Sjølstad. Som satsar på at krampa har sleppt taket til då.