Briten scora Hødd sine to mål, først etter eit godt samarbeid med Joachim Magnussen, og deretter frå straffemerket etter at Didrik Sereba vart lagt i bakken. Shroot har verkeleg funne forma, og står no med totalt 11 mål i årets sesong. Hødd sitt klare førsteval på spissplassen var derimot lite lysten på å snakke om seg sjølv etter kampslutt:

- Ein veit sjølvsagt aldri kva som skjer i ein kamp, men hadde det ikkje vore for «Joa» er eg ikkje sikker på om vi hadde vunne kampen. Det same gjeld Sereba, som gong på gong skapte problem for forsvaret, og i tillegg skaffa oss straffesparket.

Hødd sin toppscorar er samd i at han er i god form om dagen, men er svært godt nøgd med arbeidsforholda han får som Hødd-spiss:

- Når ein spelar på eit lag som skapar sjansar, vert livet mitt som spiss mykje enklare, og kvar gong eg er på bana med «Joa» og Didrik veit eg at eg vil få sjansen.

- Vi fortente dette

Etter at Mjøndalen fekk si redusering like før pause, var det duka for ein nervepirrande andre omgang. Shroot meiner at laget viser at ein vinn fortent ved at ein klarer å stå løpet ut:

- Det er sterkt av laget å heve seg etter ein skuffande kamp mot Raufoss. Vi møter eit godt lag, men at vi klarer å stå imot i andre omgang viser at vi fortente dette. Sjølv om vi kanskje var heldige i nokre tilfelle, viser vi karakter ved å klare å stå løpet ut, meiner spissen.

Sjølv om Mjøndalen jaga utlikninga utover i andre omgang, hadde Shroot heile tida god tru på at Hødd sitt forsvar ville rydde opp:

- Vi møter eit effektivt lag, som får ballen raskt fram og inn i boksa. Det er sjølvsagt litt nervøst når vi berre leiar med eitt mål, men vi har ei sterk forsvarsrekkje, så eg hadde heile tida trua på at dei ville ordne opp, avsluttar Shroot. Så spørs det om Hødd sitt forsvar ordnar opp også komande søndag. Då ventar nemleg ein ny bortekamp, mot Ullensaker/Kisa. Vil Hødd ta sin første bortesiger for sesongen? Då bør nok både forsvarsrekkja og Shroot halde fram med finspelet.