Fredag kveld vart det klart at danske Jeff Mensah blir Hødd-spelar ut 2016-sesongen. 24-åringen har vore ein del av Viborg FF sidan han fekk si første kontrakt som 15-åring tilbake i 2008. To år seinare debuterte han med scoring for klubben sitt førstelag, og sidan den gong har Mensah spelt 96 kampar for klubben som denne sesongen spelar i den danske Superligaen.

I 2015 spelte Mensah 15 kampar på lån i Skive IK i dansk 1.-divisjon, og i løpet av våren 2016 vart det klart at Mensah ikkje ville få forlenga kontrakten sin med Viborg.

Den danske 24-åringen vart offentleggjort som Hødd-spelar fredag kveld, og allereie laurdag var han i aksjon for dei blåkvite, i 3.-divisjonskampen mellom Hødd 2 og Surnadal.

Starta med scoring

Mensah fekk sjansen frå start og sette ballen i mål allereie etter tre minutt. Målet kom på straffespark, som midtbanespelaren skaffa sjølv. Det blei 45 minutt for Mensah i kampen som Hødd vann 5-0, og etter kampslutt var det ein nøgd danske som tok seg ein prat med Vikebladet Vestposten.

Les også: Vann enkelt over botnlaget

- Det var ein ok start og det gjorde godt, smiler Mensah.

Etter å ikkje ha spelt så mykje fotball den siste tida var dei førtifem minutta mot Surnadal ein bra måte å kome igang igjen på.

- Eg merkar allereie på klubben at dette er ein bra stad å vere, det er eit bra miljø her og no er eg veldig glad for å vere her, fortel Jeff Mensah.

Og etter ein omgang for andrelaget laurdag, er Mensah ein av spelarane som blir med i Hødd-troppen som reiser på bortekamp mot Ullensaker/Kisa sundag.

- Om dei får bruk for meg så skal eg vere klar. Formen min er ok, men eg er ikkje i toppform for det er ei stund sidan eg har spelt. Dei førtifem minutta eg spelte i dag gjekk heilt utan problem, så formen er fin, om enn ikkje heilt på topp.

Mot Surnadal spelte Mensah på sentral midtbane, og han legg ikkje skjul på at det er der han trivst aller best.

- Det er der eg føler eg får mest utav det, der eg kan raide litt framover, men også jobbe godt bakover, som boks-til-boks-spelar. Eg kan også spele i fleire posisjonar og kan brukast både på vingen, som offensiv midtbane og er ganske fleksibel.

Måtte skje noko nytt

Etter å ha tilbragt nesten heile sitt fotball-liv i Viborg blir det ei omveltning å kome til Ulsteinvik og Hødd, men det er noko Mensah gler seg veldig over.

- Det måtte skje noko nytt no. Eg har vakse opp i Viborg og trengte litt miljøforandring. Kvifor blei det Norge? Eg har hatt lyst til å prøve å spele fotball i Norge eller Sverige, kome seg litt vekk frå Danmark. Så når det kom eit tilbod herfrå så tok eg sjansen. Dei visste ikkje noko om meg, og eg visste ikkje noko om Hødd, men eg tok sjansen og fekk sjå kva denne klubben er. Hødd virkar å vere alt eg har bruk for, med godt samhold og ein klubb som utviklar spelarar, fortel Mensah.

Han har mellom anna fått med seg at Eirik Ulland Andersen nyleg gjekk til Tippeligaklubben Strømsgodset, og meiner det viser at Hødd er ein fin klubb å utvikle seg i.

- Eg håpar Hødd kan vere med på å sette fart på karrieren min igjen. Eg treng ein liten restart og ein ny sjanse. Og så håpar eg at eg verkeleg kan gjere det godt for laget og hjelpe klubben til fleire poeng utover hausten.