Hødd 2 tok kommandoen frå start heime mot Surnadal laurdag. Peter Hasund hadde ballen i mål allereie etter 30 sekund, men vart blåst av for ein offside. Det skulle uansett ikkje ta lang tid før Hødd var i leiinga, og heller ikkje før debutant Jeff Mensah introduserte seg for Høddvoll-publikum.

Etter eit hjørnespark vart Mensah felt innanfor 16-meteren, og dansken tok sjølv straffesparket som sende Hødd i leiinga etter knappe tre minutt.

Hødd 2 heldt fram på same viset, og hadde full kontroll på alt som skjedde ute på kunstgraset. Peter Hasund sette ballen i nettet for andre gong før det var spelt ti minutt, men også denne gongen var assistentdommaren oppe med flagget.

Heimelaget var klart best på Høddvoll, men mangla utteljinga. Peter Hasund burde hatt med seg scoring frå den første omgangen, og var uhyre nære då keeper bomma på eit innlegg frå Bendik Rise, men Hasund fekk ikkje avslutta mot det tome målet.

I staden var det Sander Djupvik som sende Hødd opp i 2-0 etter 36 minutt. Han vart spelt flott gjennom i midten og var kald og roleg då han plasserte ballen forbi keeper. Same mann var på farta kort tid seinare då han ekspederte eit innlegg frå Bendik Rise i mål. To mål frå Djupvik i løpet av 30 sekund.

Og før pause skulle det bli fire for Hødd 2. Denne gongen på corner, slått frå Bendik Rise og presist på hovudet til Sveinung Tilseth Sæterås som styrte ballen inn i nettet.

Hasund fekk scoringa

Det var også svært nære at Hødd 2 sette sitt femte få sekund inn i den andre omgangen. Hødd sette inn Elias Flø og Iver Saunes, men det var Bendik Rise som losna skot som sneik seg via stolpen og ut.

I staden skapte Surnadal si første farlegheit i kampen etter 56 minutt. Eit innlegg vart slått frå venstre og keeper Ole Monrad Alme måtte berre slå innlegget via tverrliggjaren og ut. Eit lite skremmeskot, men dei var det ikkje mange av frå bortelaget.

Utover i den andre omgangen gjorde Hødd 2 fleire byter på laget, og med ei komfortabel leiing vart det litt mindre tempo i kampen. Heimelaget var likevel ikkje heilt ferdige, og innbytarane Bastian Rasmussen og Isak Skotheim kombinerte fint på høgresida før sistnemnte fekk eit skot blokkert.

På ein corner var Mattis Ringstad svært nære ved å sette Hødd 2 sitt femte for dagen, men skotet frå kort hald blei blokkert.

William Fjørtoft testa Surnadal-keeperen med eit skot frå spiss vinkel kvarteret før slutt, men keeper fekk slått ballen til corner.

Surnadal fekk ei av sine få moglegheiter etter ein Hødd-corner der heimelaget sende mykje folk i angrep. Ein Surnadal-spelar tok med seg ballen over store delar av banen, men avslutninga frå vel 16 meter gjekk rett på Ole Monrad Alme, som hadde god kontroll på det som kom.

Fem minutt før slutt fekk bortelaget sin første store sjanse då Odd Egil Undlien vart servert i god posisjon framom Hødd sitt mål, men avslutninga frå angriparen gjekk over mål.

Like før slutt fekk også Peter Hasund scoringa si då han avslutta under keeper frå kort hald. Dermed 5-0 til Hødd 2 som tok tre svært fortente poeng heime mot Surnadal.

Har meir å gå på

- Vi har mykje å gå på, men vi har mykje kampar for tida og får gitt moglegheita til ein del veldig unge spelarar i denne kampen, og det er kjekt. Eg synest vi gjennomfører ein stort sett profesjonell kamp, men har som sagt mykje å gå på både i spel og tempo, seier rekrutt-trenar Sindre Eid etter kampslutt.

Han legg til at med mange kampar den komande tida, både i 3.-divisjon og i den regionale G19-serien så var det greitt å få sleppe til fleire spelarar og ikkje brenne for mykje krutt.

- Dette gir verdifull erfaring for ein del av dei yngre spelarane som får sjansen, slike som Iver Skotheim som er 01-modell og får vere med å kjenne på vaksenfotballen. Vi vil sjølvsagt vinne fotballkampar, men det viktigaste vi gjer er å utvikle spelarar, slår Eid fast.

Kampfakta:

Hødd 2 – Surnadal 5 - 0 (4-0)

Høddvoll, ca 90 tilskodarar

Dommar: Kristian Melset, Sykkylven IL

Mål: 1-0 Jeff Mensah (3), 2-0  Sander Djupvik (36), 3-0 Sander Djupvik (36), 4-0 Sveinung Sæterås (44), 5-0 Peter Hasund (90)

Hødd 2: Ole Monrad Alme – Martin Mork Breivik, Daniel Eid (Mattis Ringstad 68), Sveinung Sæterås (Iver Saunes 46), William Fjørtoft – Jeff Mensah (Elias Flø 46), Bendik Rise (Isak Skotheim 63), Eirik Saunes, Wachirawut Phudithip (Bastian Rasmussen 68), Sander Djupvik – Peter Hasund.

Sander Djupvik scora to gongar i løpet av vel 30 sekund og punkterte langt på veg kampen.