Alt gjekk gale for Hødd borte mot Ull/Kisa. Heimelaget var i leiinga allereie etter 30 sekund, og medan Hødd ikkje fekk noko til å stemme scora Ull/Kisa to gongar til før det var spelt 20 minutt.

- Eg har ikkje noko godt svar på kva som går gale. Vi slepp inn mål før det er spelt eitt minutt og så er det 3-0 kort tid seinare. Då seier det seg sjølv at ein ikkje er i nærleiken av nokon ting. Resten av kampen blir berre kaos, seier trenar Steinar Lein.

Skal ikkje vere mogleg

Midtstoppar Steffen Moltu hadde ingen heldig dag på Jessheim stadion, og på stillinga 3-0 tok Lein grep. Sondre Beite kom inn i staden for stopparen, i eit desperat forsøk på å få med seg noko frå kampen. Det var likevel Ull/Kisa som sette inn kampens fjerde mål, og med fire scoringar også i den andre omgangen var det lite hjelp i Hødd sine tre mål etter pause. 8-3 vitnar om eit Hødd-lag der ingenting fungerte.

- Resultatet taler for seg. Vi slepp inn åtte mål og det skal egentlig ikkje vere mogleg. No hadde vi ein tung kamp på torsdag, og vi var heilt klare på at vi måtte restituere oss både fysisk og mentalt, men inntrykket eg sit att med etter kampen er at vi ikkje lukkast. Vi klarar ikkje å gjennomføre det vi er einige om og det blir for mykje som skal skje ein og ein. Kollektivet fungerte ikkje. Vi må ha tette avstandar, men i staden så er vi spreidde overalt og er statiske i alt vi gjer, seier Lein.

Vondt

Med eit braktap i bagasjen heim frå Jessheim må Hødd gjere grep for å vere tilbake på eit akseptabelt nivå til neste kamp. For Lein skulle den gjerne ha kome tidlegare enn den gjer. For no har ikkje Hødd kamp før heimemøtet med Fredrikstad om vel 14 dagar.

- Det beste hadde vore å få ein kamp kjapt. Men sånn er fotballen, ein går på smellar frå tid til anna og det er slikt som ein opplever i løpet av mange år i fotballen. Laget har slått gode lag no i august, men går på ein sånn smell no, det er slik fotballen kan vere. Vi ønskjer sjølvsagt ikkje at det skal vere slik, men nokre gongar blir det berre sånn. Det gjer vondt, både for oss i trenarteamet, men sjølsagt også for spelarane. Dei har det ikkje godt akkurat no.

Lein seier at Hødd no må kome seg ut på treningsfeltet, der det må jobbast knallhardt fram mot neste kamp.

- Vi er i den situasjonen vi er i og må jobbe steinhardt for å kome utav det. Vi hadde jo eit håp om poeng i denne kampen, og det er ikkje slik at Ull/Kisa spelar så veldig bra, men vi hengte rett og slett ikkje saman og gjer det veldig enkelt for dei, seier ein skuffa Hødd-trenar.

Må sjå framover

Med poeng ville Hødd ha auka avstanden til fleire av laga bak seg på tabellen. Med eit 8-3 tap kom Ull/Kisa mykje nærare, og Hødd sin målforskjell fekk seg også eit skot for baugen.

- Det kan til sjuande og sist verte avgjerande. Denne kampen er ferdigspelt og vi får ikkje gjort noko med den, men vi må sjå slik på det at vi har teke bra med poeng, sjølv om det er tynt på bortebane, og vi har vist at vi kan slå dei beste. Etter slike kampar handlar det om å riste det av seg så snart som råd, og byrje å sjå framover igjen, sjølv om det gjer jækla vondt akkurat no, seier Lein.

Som ikkje vil legge kampen heilt i skuffen, men trur det er lærdom å hente også frå eit så bittert nederlag.

- Det finst verre ting i livet enn å tape fotballkampar, men vi likar det ikkje, slår Lein fast.