- Ein blir litt tom for ord. Det er ganske uverkeleg at vi er så langt unna det vi håpa på før kampen. Eit slikt resultat er ikkje verdig oss som klubb. Det er ikkje verdig dei som ser kampen eller Blåsarane som har møtt opp for å støtte oss. Heller ikkje ovanfor kvarandre i laget er dette verdig det vi ønskjer å stå for, fortel Törnqvist etter kampslutt.

Finnen fortel at han ikkje kan hugse noko liknande frå si karriere i toppfotballen.

- Ikkje eit slikt resultat, og ikkje eit slikt kampbilete. Det går jo begge vegar. Vi scorar også tre mål borte, og det ville vanlegvis vere ganske bra. Det er store opningar alle vegar og det kjennest som at det var scoringar eller store sjansar i nesten kvart einaste angrep kampen gjennom. Det er ikkje slik ein ønskjer fotballkampar.

Gjekk i vasken

Törnqvist meiner Hødd gjekk til kampen med ein bra plan på korleis Ull/Kisa skulle taklast, men at den tidlege førstescoringa, pluss to kjappe mål til fullstendig øydela alle planar Hødd hadde.

- Då går alt i vasken og det blir ein heilt anna kamp enn vi hadde planlagt for, men både etter 1-0 og 2-0 så må vi klare å justere oss, meiner han.

Treng tid på treningsfeltet

Å tape 8-3 borte mot eit lag som på førehand låg på ein av fire nedrykksplassar er eit solid slag i ansiktet for Hødd-spelarane, men det er framleis sju viktige kampar igjen av sesongen.

- Det er både bra og dårleg at vi ikkje har kamp igjen på eit par veker. Vi skulle helst hatt moglegheita til å revansjere dette så snart som råd, men samstundes så treng vi tid på treningsfeltet. Den siste tida har det vore mykje kampar og lite skikkelege økter. Det har vore mest førebuing til kamp eller restitusjon, så no treng vi tid på treningsfeltet. Elles må vi berre prøve å riste av oss dette så godt som råd. Vi har mange viktige kampar igjen og kan ikkje la dette påverke oss for mykje, sjølv om det kjennest veldig dårleg akkurat no. Vi har hatt ein skikkeleg dårleg dag på jobben, og det er ikkje slik vi ønskjer det, seier Törnqvist.