Dimna IL er sterkt representert under Ungdomsleikane 2016 i Stjørdal, som blir arrangert denne helga. Etter første av to dagar er det Møre og Romsdal som er i leiinga med 195 poeng, men berre fem poeng bak følgjer Troms.

Laurdag vann Asbjørn VWiig Sævik 1000 meter kappgang i G13-klassa på tida 7.14,12 og var 14 sekund framom andreplassen. Joakim Andreas Hofseth Hatløy tok femteplassen i finalen på 60 meter hekk med tida 10,73, men var berre 8/100 bak tredjeplassen.

I G14-klassa blei det tredjeplass på mats Fredriksen på 1000 meter kappgang med tida 6.10,72. På 200 meter viste den lovande sprinteren Jonas Andre Ose bra takter då han vann 200 meteren på 24,55 - 7/10 framom andreplassen. Det gav heile 1021 Tyrvingpoeng. Ose kan også meir enn å springe og vann også lengdekonkurransen med eit hopp på 5,35 meter. Han var 12 centimeter framom andreplassen.

På jentesida vart det også levert ein del flotte resultat, og Elin Skavnes Våge tok andreplassen i kule i J13-klassa med eit støt på 10,46. Det var identisk med lengda til førsteplassen.

I J14-klassa vart det tredjeplass på Anna Kleven på 200 meter med tida 28,36, medan Kornelia Roppen sprang inn til 29,10 og åttandeplass.

På 600 meter var Synne Håheim berre 16/100 bak tredjeplassen, men med 1.50,17 blei det fjerdeplass på Dimna-utøvaren.

Det blei ein ny førsteplass til Dimna og Møre og Romsdal i stavkonkurransen, der Malene Skaar Berg gjekk over 2,32 i tredje forsøk og dermed vann ti centimeter framom nestemann.

God innsats også sundag

Sundag er utøvarane godt igang med konkurransen, og Joakim Andreas Hofseth Hatløy og Asbørn Wiig Sævik tok 5.- og 6.-plassen i høgde G13. Begge Dimna-utøvarane gjekk over 1,31.

Wiig Sævik var også med på tresteg, og der blei det ein fjerdeplass med eit hopp på 8,54.

Elin Skavnes Våge gjekk heilt til topps i slegge med eit kast på 27,19 meter.

I J14-klassa vart det både andre- og tredjeplass til Dimna IL på 200 meter hekk. Kornelia Roppen tok andreplassen med 34,59, medan Synne Håheim sprang inn til tredjeplass på 35,44.

I tresteg blei det tredje og fjerdeplass til Dimna, med Malene Skaar Berg på tredjeplass med 9,47 og Anna Kleven på ein fjerdeplass med 9,30.

Jonas Andre Ose heldt fram den flotte innsatsen frå laurdag med ein ny førsteplass sundag. På 60 meter sprang han inn til 7,54 og klar bestetid i forsøket. I finalen gjekk det endå raskare, og Dimna-utøvaren sprang inn til 7,48 og 1072 Tyrvingpoeng.

Siger blei det også til Mats Fredriksen som vann 200 meter hekk på 31,19.

I høgdekonkurransen blei det andreplass på Jonas Andre Ose, som gjekk over 1,64 i andre forsøk.

I løpet av helga vart det også gjennomført to stafettar. Tix80 meter laurdag og 8x200 meter sundag. Begge vart vunne av Møre og Romsdal friidrettskrets, som også enda som vinnarar av Ungdomsleikane i Stjørdal. Det vart ein tett kamp med Troms om gullet, men Møre og Romsdal vann til slutt med 364 poeng.

Jonas Andre Ose vann både 60 meter, 200 meter, lengde, samt to stafettar under Ungdomsleikane. Det blei også eit sølv i høgde. Foto: Arve Hatløy.