Det har vore ein innhaldsrik sesong for Karsten Warholm, med EM-finale, OL-semifinale, norske rekordar og kongepokal i NM. Onsdag har Warholm moglegheita til å sikre seg samanlagtsigeren i Norsk Tipping Norwegian Grand Prix, då det siste stemnet blir gjennomført i Kristiansand.

Norwegian Grand Prix starta på Hamar i mai, hadde sitt andre stemne på Bislett i juni, før det heile no blir avslutta i Kristiansand, og Warholm kan med godt resultat kjempe om førstepremien på 20.000 kroner.

Om det skal lukkast må Warholm levere på 400 meter. Frå stemnet på Bislett har Warholm plukka med seg solide 1128 poeng, etter 50,04 på 400 meter hekk.

Totalkonkurransen blir avgjort ved at ein slår saman poengsummen for resultat for to øvingar. Det kan vere same øving, men må då settast under to ulike stemne.

Det er Filip Ingebrigtsen som leiar totalkonkurransen med 2158 poeng. Ingebrigtsen har to resultat frå 800 meter på dei to første stemna, og stiller på 3000 meter i Kristiansand. Karsten Warholm må uansett ta i overkant av 1000 poeng om han skal ha håp om å stikke av med førstepremien på 20.000 kroner.

Friidrett.no har spurt Karsten Warholm om han satsar på rekordfart på 400 meter i Kristiansand. Under NM tidlegare i år storma Warholm inn til ei fantastisk tid, men då det var feil på tidtakingsanlegget måtte tida fastsettast manuelt, og Warholm enda med ein uoffisiell norsk rekord på 45,8.

- Eg gir ingen garantiar, men eg prøvar jo alltid å ha litt fart i beina, og formen kjennest egentlig grei, seier Warholm til Friidrett.no.