Løpsfantomet frå Dimna slo i kveld den 17 år gamle rekorden til Quincy Douglas. Douglas hadde den tidlegare rekorden på 400 meter med tida 46,11 frå 1999.

Men fredag kveld sprang Karsten Warholm inn til tida 46,10.

Han sprang tidlegare i år distansen på tida 45,80 under NM på Askøy, men rekorden vart underkjent på grunn av vanskar med tidtakarsystemet.

- Kult å gå ut av sesongen med norgesrekord, sa Warholm til Fædrelandsvennen etter løpet. Det var berre tre deltakarar i heatet - og det var kjølige forhold med ein del vind. Noko som gjorde prestasjonen endå sterkare.

Vann 20.000 kroner

Karsten vart med dette også 1.-premievinnar på herresida i Norsk Tipping Norwegian Grand Prix. Det får han 20.000 kroner for. NT Norwegian Grand Prix er ei friidrettssatsing over tre stemne. Det første var på Hamar 18. mai, det andre i Oslo 24. juni, medan stemnet i Kristiansand 31. august var det tredje. Utøvarane slår saman poengsummane etter den internasjonale utandørstabellen i dei to beste øvingane sine. Karsten hadde frå før 1128 poeng for tida 50,04 på 400 meter hekk.