For andre året på rad vart Melshornet opp arrangert laurdag. Og trass i dårleg ver, vart det sett ny løyperekord av Håvard Myklebust frå Volda, med tida 25.23. Det vart også godt oppmøte, med 26 deltakarar i konkurranseklassa, noko som er det same talet som i fjor.

Godt nøgd

Løpet er arrangert av trimgruppa og hovudlaget i Hjørungavåg Idrettslag.Ei av dei som organiserar løpet er Trine Pilskog, og ho er godt nøgd med gjennomføringa av arrangementet.

- Vi fekk eit flott arrangement, og all heider går til dei frivillige og arrangørstaben. Hareid IL tilbaud seg også å bidra. Det er kjekt, sjølv om det ikkje var naudsynt i år. Eg er også glad for at det er like mange påmeldte i år som i fjor, med 26 deltakarar på konkurransesida. Med dette veret er det fantastisk! Vi var litt usikre på om vi kunne arrangere i år, men kom til at det måtte la seg gjere, og det gjekk strålande, seier Pilskog.

Mosjonistklasse

I år, som i fjor, var det også ei mosjonistklasse, der alle som ville gå, kunne starte i sitt eige tempo frå klokka 10.

- Vi tenkte at det kanskje er ein del som ynskjer å gå, men som kanksje ikkje vil konkurrere. Difor let vi mosjonistane gå allereie kl. 10, slik dei kan gå framom, å kome seg godt opp, gjerne heilt opp, før konkurranseklassa kl. 12.

Ynske

Og Pilskog, seier dette er noko mange har ynska seg.

- Mange har tidlegare sagt det hadde vore kjekt med eit løp opp Melshornet, og eg synest det er kjekt at vi har fått det til no. Det er jo i hovudsak retta mot dei lokale her på øya. Det kjem ein del frå kommunene rundt, men vi er ikkje eit løp som først og fremst går for dei proffe.

Resultatliste:

Resultat :

Menn:

1. Håvard Myklebust, Volda, 25.23 NY løyerekord

2. Ole Magnus Melchior, Kleven, 26.55 (pers)

3. Anders Bringsvor, Sandsøy, 27.14

4. Bård Onar Pilskog, Hj.-våg, 27.22 (pers)

5. Eirik Bringsvor, Sandsøy, 27.23

6. Stian Bjerkvik, Volda, 28.31 (pers)

7. Bjørn Andre Brune, Stranda, 31.17 (pers)

8. Geir Kåre Øvrelid, Hj.-våg, 32.10 (pers)

9. Harald Svein Nystøyl, Hakallestranda, 32.22 (pers)

10. Bjørnar Hovlid, Ulsteinvik, 33.44 (pers)

11. Bjørn Holstad, Hareid, 34.29 (pers)

12. Hans Jostein Røyset, Hareid, 34.48

13. Ivar Øvrelid, Hj.-våg, 35.47 (pers)

14. Ole Terje Sukka, Ulsteinvik, 37.05 (pers)

15. Dag Snipsøyr, Hareid, 39.55

16. Rolf Arild Topphol, Fosnavåg, 40.56 (pers)

17. Daniel Pilskog, Hj.-våg, 43.13 (pers)

18. Simon Samuel, Hareid, 44.47 (pers)

19. Kim Skeide, Hj.-våg, 46.36

1 braut

Kvinner:

1. Solveig Sæther, Valderøy, 34.15 (pers)

2. Lena Huttner, Hj.-våg, 44.25 (pers)

3. Elisabeth Øvrelid, Hj.-våg, 44.43 (pers)

4. Gry Håberg, Hareid, 47.05 (pers)

2 braut

Totalt 26 på startstreken i konkurranseklassa

Og ca. 20 mosjonistar utenom.