Det er mykje som har gått vegen for Karsten Warholm denne sesongen, og prestasjonane hans blir ikkje oversett internasjonalt heller. No er Warholm ein av 12 unge mannlege utøvarar som er med i kampen om å verte kåra til årets europeiske "Rising Star" i samband med det europeiske friidrettsforbundet sine "Golden Tracks"-trofe.

Les også: - OL var fantastisk kult

Kåringa av årets "Rising Star" blir gjennomført gjennom det det europeiske friidrettsforbundet sine Facebook-sider, der ein kan stemme på utøvarane gjennom å like biletet av sin favoritt.

Les også: – Du får mykje igjen for å gjere ein innsats

Det er mogleg å avgje stemme fram til onsdag 5. oktober. Det er også kåringar for beste unge kvinnelege utøvar, samt for årets kvinnelege og mannlege utøvar.

Spydkastar Arianne Duarte Morais er nominert som beste kvinnelege utøvar.

Fans, media, EA sine nasjonale forbund og eit ekspertpanel stemmer fram tre av kvart kjønn til ei finale.