Går framdrifta etter planen, blir det legging av kunstgras på treningsfeltet ved Jomsvoll i Hjørungavåg 12. oktober.

Det opplyser Kjell Alme, som er leiar i byggenemnda for eit kunstgrasanlegg, som i utgangspunktet skal ha eit overbygg, d.v.s. ein hall, men som i første omgang blir ei ordinær utandørs kunstgrasbane for aldersbestemt fotball med måla 39x49 meter.

Arbeidarar frå Vestlandshus har denne veka vore i sving med forskaling før støyping av underlag for fire flomlys. Laurdag blir det stordugnad når ringen rundt bana skal støypast.- Finansieringa av dette første byggesteget er på plass, fortel Alme.

- Blant anna via spelemidlar.Overbygget, som vil gjere bana til ein heilårshall, må vente. Til denne delen får ikkje idrettslaget spelemidlar – og må derfor finansiere han fullt og heilt med eigne innsamla midlar og dugnadsinnsats.

– Det har vore vanskeleg å få sponsorar, så vi har måtta vente med den delen. Derfor kjem også desse lysmastene no, slik at vi kan ta bana i bruk med ein gong.

- Vegen blir til medan vi går

Om det som skal skje vidare nyttar Alme det kjende munhellet om at «vegen blir til medan vi går».

- Vi veit ikkje når vi kjem i gang med byggesteg 2, men det er framleis med i planane, seier han.

Inntil då blir det satsa på heilårsdrift og moking av bana dersom det kjem snø.

– Vi har ikkje utstyr til det akkurat no, men håper at nokon kan hjelpe oss.Gravearbeidet blir utført av Brekke & Kleppe, medan Hallgeir Kvammen sine tilsette i Vestlandshus hjelper til med forskaling.