- Borte har det vore så som så, og då var det godt å få med seg eit poeng mot Åsane, men vi har vist at det er heime vi må ta dei fleste poenga og det blir viktig no mot Jerv, seier midtstoppar Steffen Moltu etter laget si torsdagstrening.

Hødd har etter kvart fått litt å revansjere mot Grimstad-laget, både etter kvalifiseringstapet i 2015, og etter stortapet i Grimstad tidlegare i år.

- Vi fekk juling der nede, og slikt likar vi ikkje, så no må vi vise oss frå ei betre side, slår han fast. Moltu ventar at Hødd møter eit lag som er defensivt godt organiserte, men som også har spelarar som kan utrette mykje på eigahand.

- Men vi har vore bra på heimebane i heile år, kanskje spesielt mot topplaga, og då ligg alt til rette for at vi skal spele ein bra kamp også denne gongen.

Må halde tett

Men mot eit lag som slepp inn lite mål (tredje minst i Obosligaen) må også Hødd unngå dei enkle baklengsmåla.

- Mot slike lag så må vi halde tritt og halde tett i forsvar, seier Moltu.

Steinar Lein var ute etter mykje intensitet under torsdagstreninga, og gav spelarane klar beskjed om korleis han ønskte å sjå dei. No håpar trenaren på at Hødd kan halde fram den gode heimeforma, som har gitt 13 av 15 poeng på dei siste fem heimekampane.

- Jerv er eit godt lag, og har vore veldig stabile, men vi har slått gode lag her heime tidlegare i år og det er ikkje nokon grunn til at vi ikkje skal kunne gjere det igjen. Også trenaren ønskjer at Hødd skal gje vekk færre unødvendige mål.

- Det er ikkje tvil om at vi har gjort det for ofte. I nokre av kampane har vi kome tilbake og vunne likevel. Det er eit styrketeikn, men vi er nøydde til å få vekk dei enkle baklengsmåla, og det er noko eg trur alle er klar over, seier Lein, som legg til at det handlar om å spele på noko mindre risiko også på heimebane.

Jerv kjem frå 2-2 heime mot Sandefjord sist runde. Avstanden opp til Kristiansund på førsteplass har blitt åtte poeng, men gultrøyene er berre poenget bak Sandefjord på andreplass, og har dermed alle moglegheiter til å sikre direkte opprykk. Hødd går til kampen på ein 11. plass, poenget framom Ull/Kisa og Ranheim. Det er Ranheim som ligg på den utsette 13. plassen.