Det var topp mot botn på Høddvoll sundag då Hødd møtte Jerv. I 2015 var enda begge laga på kvalifisering, men der Jerv også denne sesongen kjempar om opprykk, må Hødd bite frå seg i dei siste kampane for å unngå nedrykk.

I opningsminutta såg det også ut til at bortelaget skulle få kampen dit dei ville. Hødd var ikkje tett nok på, og Jerv fekk halde på slik dei ville. Hødd løfta seg utover i den første omgangen, men skapte lite. Heller ikkje bortelaget hadde særleg med sjansar, men tok leiinga etter 30 minutt gjennom Tonny Brochmann.

Vanskeleg å snu etter raudt kort

Få minutt seinare fekk Dani Hatakka sitt andre gule kort i kampen, og dermed raudt. Det gjorde vegen fram til poeng svært lang for Steinar Lein og Hødd.

- Jerv er eit godt lag, eit veldig godt lag. Dei opnar best, men vi kjem oss inn i kampen. Dessverre får vi eit raudt kort, og då leiar Jerv allereie 1-0. Då blir det ekstremt vanskeleg. Eg synest likevel gutane står veldig bra på og skaper tre gode moglegheiter med ti mann, men med det raude kortet så er det alltid vanskeleg å snu kampar, seier Hødd-trenaren.

Hatakka fekk sitt første gule kort allereie etter 12 minutt. Finnen gjekk likevel tøft til i taklingane også etter det første kortet.

- Gjort er gjort, og ein får ikkje endra det. Ein må sjølvsagt vere litt meir forsiktig når ein har eit gult kort, men det andre gule kortet synest eg var litt billig, seier Lein.

Trur spelarane er prega

Det raude kortet gjorde uansett kampen mykje tøffare for Hødd, men laget sleppte berre inn det eine målet før pause.

- Dessverre får Jerv 2-0 etter pause og då blir det ekstremt vanskeleg. Hadde vi klart å halde unna der, så ser vi at vi skaper nokre moglegheiter, mellom anna med eit tverrliggjarskot. Hadde det gått inn, så kunne det gitt energi. Spelarane er nok prega av situasjonen vi er i. Vi veit at kvar kamp er ekstremt viktig, og når det blir raudt kort mot eit så godt lag, så blir det ekstra tøft.

Hødd er framleis på rette sida av nedrykksstreken, etter at Ull/Kisa også tapte, men Ranheim slo KFUM Oslo og passerte Hødd på tabellen. I dei fire siste kampane har Hødd tre bortekampar, den første av dei mot Sandefjord, som for fullt er med i kampen om opprykk.

- Det blir like vanskeleg som eg trudde det ville då eg tok over. Eg har sagt at det kjem til å bli ein kamp heilt inn, og det blir det nok. No får vi legge denne kampen bak oss og fokusere på Sandefjord. Vi hadde håpa på poeng mot Jerv, men når ikkje det går, så er det nye moglegheiter i neste kamp, slår Lein fast.

Dani Hatakka trur ikkje heilt det han ser etter at dommaren leitar fram dagens andre gule, og dermed raudt til finnen. Også Steinar Lein meinte det andre gule var av det billege slaget. Foto: Andreas Bjerknes.