Dei blåkvite hadde god kontroll i møtet med tabellnabo Nidelv på Høddvoll sundag ettermiddag.

Gnistrande første omgang

Hødd gjekk knallhardt ut frå start, og skapte fleire farlege situasjonar. Dette betalte seg, og allereie etter 10 minutt spelt var stillinga 2-0 til heimelaget. Då hadde Anna Nerland Aahjem scora to mål på to minutt. Det første kom på ein fin volley etter ein corner frå syster Ellen, og minuttet seinare var Aahjem på farta igjen. Kantspelaren vart fint spelt opp på høgresida, og sette fart. Då forsvararen var parkert, kunne Aahjem banke ballen i mål frå spiss vinkel. Dermed 2-0 og ein kjempestart på kampen for Hødd. Vertane fortsette å presse eit forfjamsa Nidelv-lag bakover i bana, og i denne perioden vart det skapt fleire gode sjansar. Fremst i rekkja var tomålsscorar Aahjem, og like før pause skulle ho få sitt hat-trick. Etter litt rot i bortelaget sitt forsvar, var Aahjem plutseleg åleine med keeper, og kunne enkelt setje inn 3-0. Dermed kunne Hødd ta pausepraten med ein solid omgang bak seg.

Nidelv meir med i andre omgang

Etter å ha blitt utspelt av Hødd i første omgang, var nok Nidelv ivrige etter å slå tilbake dei siste 45 minutta. Det starta også bra for bortelaget. Allereie fem minutt ut i omgangen vart det nettsus for gjestane, då innbytar Ida-Mari Tronstad banka inn 3-1  frå om lag 15 meter. Dette gav Nidelv ein god dose energi i jakta på ein snuoperasjon, men bortelaget fekk ein kalddusj då Ellen Nerland Aahjem vakkert plasserte inn 4-1 etter ein corner.

Nidelv hadde derimot ikkje gitt opp, og fekk ei ny redusering etter 67 minutt spelt. Ei pasning frå forsvarsleddet gjekk forbi alle, og plutseleg var Ingri Nyrhaug åleine med Kamilla Werkland i Hødd-målet. Spissen runda keeper og sette inn 4-2.

Etter dette roa det seg litt, men begge lag hadde sjansen til å endre på resultatet. Den største sjansen hadde nok Nidelv, då Nyrhaug vart spelt gjennom, og var åleine med Werkland. Spissen fekk god tid, men avslutninga gjekk rett på Hødd sin solide keeper. Like etter kunne Anna Nerland Aahjem punktert kampen med sitt fjerde mål for dagen, men ei god redning av Hanne Hammerås i Nidelv-målet gjorde at det fortsatt var litt spenning på Høddvoll. På overtid reduserte gjestane nok ein gong, men det var det siste som skjedde i kampen, og Hødd kunne drage i land ein sterk 4-3-siger.

Dermed fekk Hødd endeleg juble for sesongens første heimesiger, i sesongens siste heimekamp. No vert det heile avslutta med ein tøff bortekamp mot serieleiar KIL/Hemne komande laurdag.

- Dette gjorde godt!

Hødd-trenar Ole Per Kragset meinte at det gjorde godt å få ein siger på heimebane, og var strålande fornøgd med spelarane sine i dag:

- Første omgang er bra. Då spelar vi ball og har god kontroll. På stillinga 3-0 vert vi kanskje litt fornøgde, og når vi slepp inn eit mål tidleg i andre omgang får vi litt høge skuldrer og vert litt stressa. Men vi har god kontroll, og då det fjerde målet kom var eg ikkje bekymra for at vi skulle tape, sa Kragset etter kampslutt.

Ein av kampens spelarar var Anna Nerland Aahjem, som med sine tre scoringar bidrog sterkt til at dei tre poenga vart igjen på Høddvoll:

- Det er flott av Anna å score tre mål i dag, og vi hadde også sjansar til å score fleire, noko som er positivt. Når det gjeld neste sesong er planane klare: - Laget kjem nok til å vere stort sett det same. Vi må berre trene knallhardt. Det er knytt litt spenning til om vi må spele i 3.divisjon, eller om vi beheld plassen. Det er avhengig av at Fortuna ikkje rykk ned og at KIL/Hemne går opp. Men uansett så har vi eit godt utgangspunkt for neste sesong, og alt i alt har haustsesongen vore bra, sjølv om vi har hatt litt stolpe ut og marginar mot oss. Her er mykje å byggje vidare på, meiner Kragset.

Kampfakta - 2.div. Damer

Hødd – Nidelv 4-3 (3-0)

Mål Hødd: Anna Nerland Aahjem (3) og Ellen Nerland Aahjem.

Dommar: Tove Marie Tandstad (Velledalen og Ringen FK)

Gult kort: Mari Storli (Nidelv).

HØDD: Kamilla Werkland, Susann Kragset, Karoline Brandal Dahl, Merethe Molvær Terøy, Hanna Rekdal, Ellen Nerland Aahjem, Stine Marø Sundgot, Therese Holstad, Marte Aarsand Vik, Anna Nygård Thunem, Anna Nerland Aahjem, Nina Kristin Flem, Madelen Gustavsen, Maria Emilia Skar, Andrine Nevstad, Ina Sleipnes, Oline Marø Sundgot.

*** Anna Nerland Aahjem

** Ellen Nerland Aahjem

* Anna Nygård Thunem

Ellen Nerland Aahjem var eit konstant uromoment for Nidelv sitt forsvar.