Hødd 2 – Bergsøy

3.-divisjon avdeling 08

Høddvoll

Dommar: Øyvind Nesdal Birkeland

Gult kort: William Fjørtoft, Peter Hasund, Jøsok Kvalsvik

Mål: 0-1 Daniel Jøsok Kvalsvik (16), 1-1 Håkon Botn Brautaset (54)

Hødd: Sivert Pieroth – Martin Mork Breivik (Sveinung Tilseth Sæterås 80), Jesper Törnqvist, Daniel Eid, Vegard Heltne – Eirik Franke Saunes, Øystein Vestvatn, Bendik Rise – Håkon Botn Brautaset, Peter Hasund (Gustav Dimmen 84), William Fjørtoft.

Det vart ei forsiktig opning på lokaloppgjeret mellom Hødd 2 og Bergsøy måndag kveld. Ingen av laga tok dei store sjansane i opninga, og ein måtte vente ti minutt før ein fekk første halvsjansen. Då var Peter Hasund først på eit innlegg frå høgre, men fekk ikkje godt treff på avslutninga.

No vart det litt meir fart i kampen, og Håkon Botn Brautaset sette fint opp Hasund kort tid seinare, men i duell med keeper og ein forsvarsspelar fekk ikkje angriparen avslutta skikkeleg.

Men der Hødd berre var nære, tok Bergsøy vare på si første moglegheit. Eit frispark vart slått inn i feltet, og der steig Jøsok Kvalsvik til vers og stonga inn 0-1 på Bergsøy si første avslutning i kampen.

Hødd prøvde å slå tilbake direkte, og ropte på straffe då Håkon Botn Brautaset gjekk i bakken etter eit innlegg frå høgresida, men utan at dommar var med på det.

I banespelet var det heimelaget som hadde føringa dei første 20 minutta, men Bergsøy hadde brukbar kontroll bakover i bana.

Etter scoringa var det sjansefattig på Høddvoll, men Bendik Rise kom nære fire minutt før pause då han trakla seg gjennom Bergsøy-forsvaret og fekk avslutta frå bra posisjon. Men kanskje venta han litt lenge, slik at keeper fekk kome nære nok til å slå avslutninga til corner. Ein stor sjanse til Hødd 2, men framleis 0-1.

Halvanna minutt seinare var Rise på farta igjen, etter fint angrepsspel frå Hødd 2 på venstresida, men også denne gongen fekk Bergsøy blokkert avslutninga.

Hødd 2 pressa på for utlikning før pause, og fleire spelarar stod nærast i kø for å avslutte då laget vann att ballen etter ein corner, men no stod nok Hødd-spelarane i vegen for kvarandre, og det blei inga farleg avslutning.

Hødd heldt fram også etter pause, og fekk til slutt utteljinga ved Håkon Botn Brautaset som sette ballen i mål frå kort hald. Men han må dele æra med  William Fjørtoft, som gjorde eit godt løp og slo perfekt inn framom mål.

Etter 63 minutt tvinga Bendik Rise keeper Olav Rekdal ut i full strekk for å avverje eit lurt frispark frå midtbanespelaren, og Hødd heldt fram å dominere , både i banespelet og sjansestatistikken.

Bersgøy var stort sett berre synlege på overgangar, og Elion Shatri fekk kom seg til godt innleggshald etter 71 minutt, men under press frå Vegard Heltne spelte han ballen rett inn til keeper.

Like etter var Hødd 2 uhyre nære 2-1. Alt skjedde på venstresida i angrep, og Håkon Botn Brautaset fekk kriga ballen inn framom mål. Der vart det sendt i veg ei avslutning, men til side for mål.

Med 13 minutt igjen av kampen fekk Hødd corner, og etter at det første innlegget vart klarert, slo William Fjørtoft inn att på bakre stolpe. Der fann han Daniel Eid, men stopparen sette ballen like på utsida av stolpen frå kort hald.

Ti minutt før slutt gjekk Daniel Jøsok Kvalsvik knallhardt til i ei takling inne i Hødd sin 16-meter. Bergsøy-spelaren trefte ikkje ball, men i staden Martin Mork Breivik, som måtte berast av banen med store smerter. Bergsøy-spelaren fekk gult kort for taklinga, men var nok heldig at han ikkje fekk sjå det raude.

Med fire minutt igjen var innbyttar Gustav Dimmen sendt på løp gjennom forsvaret, og vart felt på kanten av 16-meteren. Bendik Rise forsøkte seg direkte, men via muren og ut.

Minutta tikka no for fullt mot full tid, og det såg ut som at Hødd 2 måtte ta til takke med det eine poenget trass fullstendig dominans, spesielt i den andre omgangen. Bergsøy såg ut til å vere godt nøgde med det eine poenget og overlet til Hødd 2 å drive med angrepsfotball. Godt illustrert av at Bergsøy ikkje hadde skot på mål i den andre omgangen.

På overtid såg det ut til at Hødd 2 skulle ta alle tre poenga då Tilseth Sæterås kriga til seg ballen inne i 16-meteren, og sende i veg ein chipp mot det lengste hjørnet, men den sneik seg på utsida av stolpen og då ebba det ut med 1-1.

Håkon Botn Brautaset utlikna etter fint framspel frå William Fjørtoft.