Hødd 2 og Bergsøy delte poenga på Høddvoll måndag, men det gir ikkje noko godt bilete på kampen. Spesielt i den andre omgangen var Hødd 2 mange hakk betre enn motstandarane frå Herøy, men utan å få til det viktigaste. Å score mål.

- Veldig mykje bra

- Det er klasseforskjell på laga, og vi er mykje betre så godt som i 90 minutt. Det einaste som mangla var at vi scora eit mål til, som vi burde ha gjort, seier Sindre Eid.

Han meiner prestasjonen til Hødd 2 var god, og at trenarane er godt nøgde med alt unntatt at ein ikkje klarte å avgjere kampen.

- Det er veldig mykje bra, og vi har sju ulsteinvikarar, sju juniorar frå start. Det er første- og andreårs juniorar som byrjar å verte vaksne og som veks inn i spelestilen. Det er utruleg kjekt å sjå, men samstundes er dette ein kamp vi skulle ha vunne.

Men der mykje av spelet til Hødd 2 var positivt kan ein ikkje seie det same om taklinga på Martin Mork Breivik ti minutt før slutt. Høgrebacken måtte berast av banen, og vart seinare henta av ambulanse for sjekk ved Volda sjukehus. Eid meiner dommarane er nøydde til å slå hardare ned på slike taklingar, og kunne ikkje forstå at det berre blei delt ut eit gult kort i situasjonen.

- For meg er det forferdelig at ikkje slikt blir tatt. Det er ei forferdeleg takling. Det er fælt å sjå at slikt ikkje får konsekvensar på ei fotballbane, seier Eid, med tanke på at Bergsøy-spelaren berre fekk gult kort.

- Går ikkje inn for å skade

Også Vegard Heltne meiner det burde vore gitt eit raudt kort i situasjonen, men han trur ikkje taklinga var med overlegg.

- Eg kjenner Daniel godt, og veit at han aldri gjer noko slikt med hensikt. Det er ei stygg takling, men det er eit uhell. Ein kan spørje seg om det var nødvendig å gå inn på den måten, men han er ein hundreprosentspelar som gir alt. Han gjer ikkje slikt for å skade nokon, seier Heltne.

For Heltne sin del var dette andre gongen han spelte 90 minutt sidan februar, og han fortel at det vart slitsomt mot slutten.

- Eg kjenner at eg ikkje er der heilt endå, men det er betring. Det er viktig å få speletid så kjem det fotballmessige gradvis. Det var litt betring i dag.

Heltne er ikkje heilt samd med Sindre Eid i at Hødd 2 køyrde heile kampen.

- Første halvtimen var nok Bergsøy kanskje hakket betre enn oss, men siste timen er det einvegskøyring. Det er sikkert 80-20 i ballinnehav så vi bør skape meir enn vi gjer, samstundes som vi har fire-fem feite sjansar, så vi skal absolutt vinne denne kampen.

Forsvarte seg nærare nedrykk

Med siger ville Bergsøy passert Fjøra på tabellen, og kome opp på femteplass, som kan gje fornya kontrakt i 3.-divisjon. Laget kunne også ha kome på skothald av Træff på fjerdeplass Derfor var det noko merkeleg å sjå eit bortelag som nærast ikkje var over midtbana i den andre omgangen, og som såg ut til  å vere nøgde med det eine poenget.

- Dei var slitne. Det merka vi utover i den første omgangen. Dei vart tyngre og då er det natuleg å legge seg bakpå. Dei fekk også med seg det poenget dei ville ha, sjølv om det betyr at både vi og dei truleg kjem til å rykke ned. Ein kan vel seie at dei forsvarte seg til eit nedrykk, seier Heltne.

Heltne peikar på at Bergsøy har temmeleg tøffe kampar i innspurten, og derfor trur det blir vanskeleg å unngå nedrykk. Bergsøy møter Spjelkavik, Volda, AaFK 2 og Træff på sine siste fire.

Med tre poeng ville også Hødd 2 hatt ei tynn moglegheit for å unngå nedrykk, men sjølv med fire sigrar på rad i innspurten kan det vere for lite til å halde plassen.