Det gjekk eit støkk gjennom både spelarar og publikum på Høddvoll måndag då Martin Mork Breivik vart takla hardt inne i eigen 16-meter. Hareidsdølen hadde tydeleg store smerter og måtte berast av banen før han seinare vart henta av ambulanse.

Tysdag kan heldigvis trenar Sindre Eid fortelje at dei første undersøkingane er positive og viser at det ikkje er snakk om eit brot.

Det stadfestar også Mork Breivik sjølv i ei melding til Vikebladet Vestposten.

- Det er ikkje funne brot, berre ein kraftig smell på innsida av leggen, seier 20-åringen.

Dermed blir det nokre dagar på krykker for å avlaste leggen, men forsvarsspelaren har god tru på å vere tilbake på bana om ikkje så lenge. Vi ønskjer Martin god betring.