Hasundgot ser ut til å ende sesongen på ein 6.-plass i 6.-divisjon avdeling 01, etter at det vart sesksmålstap heime mot Bergsøy 2 måndag kveld. Det vil i såfall seie at det berre blir Moltustranda som ender bak Hasundgot, etter at Langevåg 2 trekte laget tidlegare i sesongen.

Einaste sjansen for å unngå nest-sisteplassen er dersom Hareid 2 taper med meir enn tre mål heime mot Moltustranda i sin siste kamp, for då vil Hareid 2 hamne bak Hasundgot på målskilnad. Men så langt denne sesongen står Moltustranda utan poeng, så det skal nok godt gjerast.

Sæbø har allereie vunne avdelinga, og er klare for KM-sluttspel. Bergsøy 2 tek andreplassen, medan Gjerdsvika ligg godt an til å ta tredjeplassen. Tjørvåg må vinne begge sine resterande kampar, og vinne dei med meir enn 11 mål til saman om dei skal passere Gjerdsvika på målskilnad.

Truleg er den einaste spaninga i innspurten dermed kven av Hareid 2 og Tjørvåg som endar på fjerdeplassen. Tjørvåg har poenget meir og skal møte Sæbø og Moltustranda på sine to siste, så truleg er det Herøy-laget som hamnar høgst.

For Hasundgot sin del blir sesongen avslutta med to strake tap, etter at det vart 3-4 heime mot Hareid 2 sist runde. Måndag var det Frantz Frantzen som for alvor vart tunga på vektskåla med sine fire mål. Daniel André Nilsen og Harald Magne Haugen scora eitt kvar.